-
Kvifor bør eg spare i fond
Å spare i fond er ein god måte å spare på, fordi det historisk sett gir høgare verdistigning på pengane enn å ha dei på ein bankkonto.
Eit fond er eit slags spleiselag der mange sparare går saman om å plassere pengane sine i verdipapirmarknaden. Når du sparer i aksjefond, sparer du i veldig mange aksjer samtidig. Dette gjer at du minimerer risiko samanlikna med dersom du hadde kjøpt aksjar i ein enkelt bedrift.
Kvart fond har ein profesjonell forvaltar til å styre investeringane, for å gi deg best mogeleg verdistigning. Dette gjer at du som fondssparar ikkje treng mykje forkunnskapar eller å halde deg oppdatert på kva som skjer i marknaden for å kunne spare i fond.
Fondet du plasserer pengane dine i, har investert i selskap som stadig skapar meir verdi. Aksjemarknaden svingar, men så lenge vi har produktivitetsvokster og auka verdiskapning i samfunnet vil aksjemarknaden over tid stige meir enn det fell.
-
Kva kan eg tene og tape?Skal ein oppnå noko ekstra, må ein også våge noko. Skal du oppnå høgare verdistigning enn det du kan oppnå ved å setje pengane i banken, må du også vere villig til å påta deg høgare risiko. Enkelte periodar har hatt verdifall, det vil seie at om du hadde teke ut alle pengane då, ville verdien av aksjefonda dine vore lågare enn kva dei ville vore med banksparing i same periode. Det er derfor det er viktig å vere tru mot sparinga og følgje den planen ein har lagt. Først då blir sparing verdas beste idé.
-
Kva fond passar for meg?
Det finst ulike typar fond, og kva som passar deg best er avhengig av kor lenge du skal spare og kor stor risiko du kan leve med. Jo større svingninger du toler, jo høgare verdistigning kan du forvente over tid. Høg verdistigning betyr meir pengar å rutte med.
Aksjefond - høg risiko
Passar for deg som ønskjer høg avkastning, skal spare i 5 år eller meir, og toler at sparepengane svingar i verdi. Eignar seg godt til sparing til pensjon eller sparing til barn og barnebarn.
Vi anbefaler - Eika Spar
Kombinasjonsfond - middels risiko
Passar for deg som skal spare i 3 år eller meir og toler moderate svingninger. Kombinasjonsfond er ein miks av aksje- og rentefond.
Vi anbefaler - Eika Balansert
Rentefond - låg risiko
Passar for deg som ønskjer høgare avkastning enn det du får på sparekontoen, men som vil unngå store svingninger undervegs. Eignat for plassering av kortsiktig bufferkaptial som må vere tilgjengelig på kort varsel.
Vi anbefaler - Eika Pengemarked
-
Korleis kjem eg i gong?
Det er smart å spare litt i fond kvar månad. Då reduserer du risikoen for å kjøpe på eit uheldig tidspunkt når kursane er høge - og du får kjøpt andeler også når kursane er lave. Vi anbefaler derfor at du oppretter ein fast spareavtale.
-
Blir pengane investert i etisk forsvarlege selskap?
Eika Kapitalforvaltning har valt å ikkje investere i selskap som Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland (SPU) har utenkjeleg frå sin portfølje.
Dette er selskap som fell inn under følgjande kategoriar:- Grove krenkingar av menneskerettar
- Alvorleg miljøskade
- Alvorlege krenkingar av individa sine rettar i krig og konflikt
- Grov korrupsjon
- Andre grove brot på grunnleggjande etiske normer
- Klasevåpen
- Kjernevåpen
- Antipersonell landminer
- Produksjon av tobakk
- Sal av militært materiell til visse statar