Du kjøper økologiske, kortreiste og svanemerkte produkt i matbutikken. Bosset ditt kjeldesorterer du kanskje i fargerike posar, og du køyrer kanskje også ein elbil som bil nummer to. Skal du på hytta, kjem den store dieselbilen fram, for då slepp du ladepausen. Av og til skammar du deg kanskje litt over denne bilen, men du har landa på at nokre gonger må faktisk rekkjevidda vike for miljø, eller kva? Eg er miljømedviten, eg!

Vi er stolte av at Eika Global er eit av dei 10% mest berekraftige fonda i verda.  

Kva tyder det eigentleg når vi seier at vi legg vekt på berekraft, og at eit aksjefond er berekraftig? Kva er det som er viktig når vi skal passe på og forvalte sparepengane til folk? Og korleis er vi sikre på at alle selskapa vi investerer i, legg vekt på dei same tinga som oss?

Kjøp Eika Global

Best mogleg langsiktig avkastning på dine sparepengar

Eika Global skal gje ei god langsiktig avkastning til kundane. For å sikre dette er det viktig at selskapa vi investerer i, er levedyktige og lønsame også i framtida. Vi meiner det er viktig å leggje vekt på selskap som opererer berekraftig eller viser vilje til å tilpasse seg til dei utfordringane verda står overfor når det gjeld berekraft.

Selskap som ikkje tilpassar seg, vil over tid møte auka utfordringar gjennom lågare etterspurnad og dermed også lågare inntekter frå medvitne forbrukarar. Dei vil også stå overfor strengare krav, regulering og avgifter frå styresmaktene. I tillegg vil fondsforvaltarar og investorar vere mindre villige til å investere i, og dermed også finansiere, desse selskapa. Dette vil gjere at mindre berekraftige selskap vil kunne få redusert lønsemd over tid, vere mindre levedyktige og dermed vere lite attraktive selskap for langsiktig sparing.

Last ned Smartspar

Eika Global – det mest berekraftige fondet vårt

Eika Global har per dags dato fire Morningstar-globusar og ein ESG-score på 19,81 prosent (sjå forklaring lenger ned på sida). Eika Global omfattar rundt 400 selskap som dekkjer alle sektorar globalt. Desse selskapa er valde frå eit utval av rundt 7000 selskap som fondet kan investere i. Dette vil seie at nokre av investeringane vil vere i selskap og sektorar som blir sett på som meir berekraftige enn andre. Oljeselskap vil typisk få ein dårlegare ESG-score enn IT-selskap fordi dei ofte bidreg mykje til karbonutslepp. Selskapa i porteføljen vår blir likevel rekna som dei mest berekraftige selskapa globalt sett, og i valet mellom to like attraktive selskap vel vi det selskapet som er best på ESG.

Over 90 prosent av selskapa i Eika Global har låg eller middels ESG-score, og det er noko av det som gjer Eika Global til det mest berekraftige fondet vårt.  

I tillegg til at Eika Global ser etter selskap med god ESG-score, ekskluderer fondet ei rekkje selskap. Fondet investerer ikkje i selskap som ikkje etterlever internasjonale normer og standardar (FNs Global Compact-prinsipp), kolprodusentar, tobakksprodusentar, produsentar av kontroversielle våpen eller selskap som sel militærvåpen til private. I tillegg investerer ikkje fondet i selskap der ein stor del av inntektene kjem frå energiproduksjon ved forbrenning av termisk kol, oljesandutvinning, pornografi, gambling/kasinodrift, sal av tobakkrelaterte produkt eller militærkontraktar.

Eika Global investerer heller ikkje i selskap som har eit såkalla stort karbonavtrykk (selskap som slepp ut mykje CO2). Dette har bidrege til at fondet har blitt klassifisert som eit lågkarbonfond av Morningstar.

Hovudoppgåva vår er å gje kundane våre ei god langsiktig avkastning. For å lykkast med dette meiner vi det er viktig å ha ein god prosess, gode data og god analysekompetanse. Det har vi, og det er nettopp dette som har gjort Eika Global til eit av dei 10 prosent mest berekraftige aksjefonda i verda. 

Investerer du i Eika Global, kan du med handa på hjartet seie JA, eg er miljømedviten, eg!