Første halvår i 2015 teikna norske personkundar aksje- og kombinasjonsfond for 6,7 milliardar kroner. Vi hadde før sommaren 139 milliardar kroner plassert i fond.

Likevel er mange framleis usikre på alt som svingar i verdi. Vi sver til investeringar i hus og heim. Ei undersøking gjennomførd av Opinion for Verdipapirfondenes foreining viser at 62 prosent av oss trur at investering i bustad har lågast risiko og gir høgast avkastning.

Ingen bank kan matche børsen
Jørgen Sundet er senior marknadsansvarleg i Eika Kapitalforvaltning. Han meiner mange kan tene på å spare i fond i tillegg til bank og eigen bustad.

- Vi sparer for einsidig. Store deler av formuen er plassert i bustad, medan resten av sparepengane er i banken, seier han.

Ofte er det mediebiletet som forstyrrar folk sine langsiktige spareplanar. Når det blir skrive side opp og side ned om konkurstruga Hellas, samtidig som vi høyrer om oljekriser og andre krisar, er det lett å bli nervøs.

- Men Oslo Børs har hatt ei årleg snittavkastning på cirka 11 prosent dei siste 30 åra. Ingen bankkonto kan matche det, seier Jørgen Sundet.

Kva er eit aksjefond? Sjekk vår side om fondssparing

Kom i gang i dag
Jørgen Sundet meiner sparing i aksjefond er mogeleg for alle.

- Sett deg eit mål. Vurder kor god tid du har, og kor mykje du kan spare. Er du usikker, ber du om ein samtale i banken. Ein rådgjevar vil forklare deg alt du treng å vite om risiko og tidsperspektiv, seier Sundet.

Rådgjevaren vil også spørje deg kor store svingningar du toler. Dette har samanheng med kva du planlegg å bruke sparepengane til. Sparer du til pensjon eller til ny hytte? Dette er avgjerande for kva spareform som passar deg best.

- Det finst ingen raske løysingar. Børsane svingar, men over tid vil du ha ei langt høgare avkastning i eit aksjefond enn om pengane står på ein bankkonto, seier Sundet.

Sjå korleis draumen din kan vekse ved å bruke Sparekalkulatoren

Tenk langsiktig
Eit anna viktig råd er å tenkje langsiktig, minimum fem år.

- Gå gradvis inn i eit fond, gjerne over 12 månader. Har du pengar på ein bankkonto i dag, overfører du eit fast beløp i månaden til fondet. Då reduserer du risikoen noko. Sett deretter opp ein månadleg, fast spareavtale. Vær tolmodig, og stol på at dei som forvaltar fondet veit kva dei driv med, seier Sundet.

Sjølv tilrår Sundet fondet Eika Spar. Det er risikoen spreidd over fleire regionar, og fondet har dei siste fem åra hatt solid avkastning.

- Her har vi samla favorittaksjane våre frå vårt norske, nordiske og globale aksjefond. Vi seier at Eika Spar er våre beste idéar samla i eitt fond. Dette er på ein måte tre fond i eitt, seier Jørgen Sundet.

Kva gjer eg om marknaden stuper?
- Då pustar du roleg og fortset sparinga mot det langsiktige målet ditt. Følg den spareplanen du har lagt. Børsen svingar. Det går opp og ned. Men på same måte som du skal gå gradvis inn, kan det vere smarte å gå gradvis ut når tida er inne, seier fondseksperten.

Er du klar til å begynne? Det vil lønne seg på sikt…

Derfor er sparing verdas beste idé