Hege Zezanski er mamma til Vilde (14) og Tine (25). Tine er ferdigutdanna lærar, medan Vilde framleis er skulejente. Mamma Hege Zezanski er ikkje i tvil om at det å spare i fond til jentene, har gjeve dei både moglegheiter, tryggleik og god økonomisk grunnopplæring.

- Då eg begynte å spare til Vilde, sette eg inn 300 kroner i månaden. No har eg auka summen til 500 kroner, og merkar ikkje endringa ein gong, fortel Zezanski.
500 kroner tilsvarer rundt halvparten av det ho mottek i barnetrygd for Vilde.

Sjekk kor mykje du kan spare til barna dine i sparekalkulatoren vår


Å spare jamt og trutt gir resultat

Tobarnsmora valde tidleg å spare i fond, framfor å setje pengane i banken.

- Eg vil tilrå alle som sparer til barna på ein vanleg konto å sjekke kor mykje renter du har fått det siste året! Eg trur du vil bli overraska over kor lite det er. Dersom eg ser på dei siste tre åra, har eg motteke 19 000 kroner i avkastning på fondet til dottera mi. Det er kjekt!

Zezanski håper dette kan bli god startkapital når Vilde ein gong skal ut i bustadmarknaden.

- Kanskje kan dette bli døropnaren hennar i ein vanskeleg bustadmarknad. Uansett vil pengane hjelpe henne godt i gong, seier ho.


Ekspertane er einige

Christian Vestengen er senior marknadsansvarleg i Eika Kapitalforvaltning, og han kunne ikkje vore klarare i talen sin:

- Det er vanskeleg for unge å komme inn i bustadmarknaden. Klarer du å spare 500 kroner og tenkje langsiktig, vil barnet få ein veldig god startkapital når tida er inne, seier Vestengen som ikkje er i tvil om at fond er betre enn ein god gammaldags bankkonto.

- Slik det er i dag, har du veldig låg rente på pengar som står i banken. Sparer du i Eika Spar, som er vårt tilråde aksjefond, har du ein mykje betre plan for pengane dine så lenge du har ein lang tidshorisont. Dette er rett og slett det beste for barna dine, seier Vestengen.

Som spareekspert er han overtydd om at faste trekk er den beste måten å spare på.

- Tilpass forbruket til sparinga istadenfor å tilpasse sparinga til forbruket.

Eit eksempel er om du sparer 1000 kroner i månaden i 18 år for barnet ditt. Då vil poden med dagens bankrente ha 285 000 i eigenkapital til eigen bustad på 18-årsdagen.

- Hadde du derimot spart i fond, med ei årleg avkastning på 8,5 prosent, kunne eigenkapitalen vore på 450 000 kroner. Så då er det vel eigentleg ingen tvil?

Start sparing i fond her


Sparepengar til bil og bryllup
Då Tine (25) var ferdig på vidaregåande skule og klar for studenttilværet, trengde ho bil for å komme seg fram og tilbake i kvardagen. Hege Zezanski ynskte ikkje at dottera skulle kjøpe seg eit gammalt vrak av ein bil.

- Det kjennast godt å kunne bruke oppsparde midlar på ein sikker bil, fortel ho.

No sparer Tine sjølv i BSU, og er flink til å styre økonomien sin.

- Men vi synest begge det er kjekt å sjå at fondet veks. Vi bruker mobilbanken begge to, og følgjer med heile tida, fortel ei entusiastisk mamma som fortset å spare til Tine sjølv om ho no er vaksen.

- Og det kan jo hende ho skal gifte seg ein dag, og då kjem det nok godt med at mamma har spart i fond, smiler Hege Zezanski.


Start i dag

Ho er ikkje tvil om kva råd ho vil gje til dei som ynskjer å komme i gang med ei smartare sparing til barna.

- Ta deg ein tur i banken og lytt til råda du får. Vel ein plan som kjennest trygg og stol på den. Om det går litt opp og ned, er ikkje det farleg - så lenge du tenkjer langsiktig.

Christian Vestengen er heilt einig.

- Start tidleg med å spare til barna. Ha eit langsiktig perspektiv, gjerne 18 år. Klarer du å spare barnetrygda, er det veldig bra. Snakk med ein rådgjevar i banken din, og forklar kva du ynskjer med sparinga di, seier Vestengen som også har eit skattemessig argument:

- Hugs at pengar du set i aksjefond først blir beskatta når andelane blir realiserte. Når du har pengar i banken, blir renteinntektene dine skattlagt årleg. Den utsette skatten vil kunne bety mykje for avkastninga di om du har lang tidshorisont, forklarer Vestengen.


Spare i barnet sitt namn?

No som arveavgifta ikkje er eit tema, er det ikkje lenger nokon veldig klar grunn til å spare i barnet sitt namn framfor sitt eige. Det er fordelar og ulemper ved begge løysingar.

- Vel du å spare i namnet ditt, beheld du kontrollen. Men om du må gjennom ei skilsmisse for eksempel, blir pengane du har spart til barna ein del av oppgjeret, forklarer Vestengen.

Har du valt i spare i barnet sitt namn, kan det hindre barnet i å få stipend når det ein gong skal studere. Reglane i Lånekassen seier nemleg at nettoformuen ikkje må overstige 370.304 kroner dersom du skal få maksimalt stipend.

Samtidig må du vere klar over at når beløpet på kontoen blir meir enn to gonger folketrygda sitt grunnbeløp (ca. 180.000 kroner), er det overformynderiet som forvaltar pengane til barnet ditt. Då må du søkje overformynderiet om lov dersom du ynskjer å gjere noko med pengane.

- Men det er mogeleg å lage klausular så be om råd i banken, avsluttar Christian Vestengen.