Det er lett å bli litt motlaus når det er snakk om pensjon. Det blir snakka om pensjonsberekningar, OTP, AFP, offentleg og privat pensjon. Dei mange begrepa gjer at den såkalla dørstokkmila kan vera uoverkomeleg. Men slik treng det ikkje vere, meiner Gunnar Birkevold i Eika.

- Pensjon kan kanskje verke vanskeleg, men det er vel verdt å setje seg ned med det. Det er for seint å tenkje på dette når du nærmar deg pensjonsalder. Pensjon er langsiktig sparing, seier Birkevold.

Og så vanskeleg er det heller ikkje når det kjem til stykket. Du har allereie kome langt om pensjonen din består av tre deler; folketrygd, tenestepensjon og eiga sparing. La oss starte med det første først.

Folketrygd for alle
Folketrygda blei etablert i 1967, og dannar grunnlaget i det sosiale og økonomiske støttesystemet i Noreg. Hovudregelen er at alle som bur i Noreg automatisk er medlem av folketrygda. Har du ikkje jobba, vil du få utbetalt ein garantipensjon som tilsvarer det vi før kalla minstepensjon. Men alle som har delteke i arbeidslivet, opparbeider seg rett til tilleggspensjon. Kor stor denne blir avheng av kor mange år du har jobba, og kva stillingsprosent og lønn du har hatt.

Kor mykje pengar utgjer så dette? Som du skjønnar er det ikkje noko fasitsvar. Veldig grovt sett kan vi sjå at dei fleste vil få ein pensjon frå folketrygda som tilsvarar ein stad mellom 40 og 50 prosent av arbeidsinntekta dei hadde før dei gjekk av med pensjon.

Tenestepensjon i fleire variantar
I tillegg til pensjon frå folketrygda, får dei aller fleste av oss tenestepensjon gjennom jobben. Her finst det to ulike løysingar, ytelsesbaserte eller innskotsbaserte ordningar.

Ein ytelsespensjon blir kjenneteikna av at utbetalinga ved pensjonsalder på 67 år er avtalt på førehand. Jobbar du i offentleg sektor, er du for eksempel sikra å få 66 prosent av lønna di utbetalt som pensjonist – uavhengig av kva du får frå folketrygda. Liknande ordningar finst også i private bedrifter, men dei aller fleste nytilsette får no ein innskotspensjon.

Innskotspensjon
Ved innskotspensjon betaler arbeidsgjevaren din kvar månad ein fast prosent av lønna di inn til ordninga. Pengane blir administrerte av ein bank eller eit forsikringsselskap, som investerer pengane for deg inntil du går av med pensjon. Kva summen blir til slutt når du trer inn i pensjonistane sin rekkjer, er difor avhengig av kor mykje pengar som er betalte inn i løpet av di yrkeskarriere, og korleis avkastninga på dei har vore.

Lov om tenestepensjon seier at alle bedrifter med meir enn to tilsette må ha ei tenestepensjonsordning, og det er her forkortinga OTP kjem inn. OTP står for obligatorisk tenestepensjon, og lova seier at det må settes av minimum to prosent av lønna til dei tilsette i ordninga. Mange arbeidsgjevarar vel å betale meir enn det obligatoriske, og ofte vel også dei tilsette sjølv å setje av ein fast prosent av lønna si i pensjonsordninga. Slik blir den samla sparinga større.

Eiga sparing?
Pensjonen frå folketrygda og arbeidsgjevar tilsvarar altså ein stad mellom 40 og 70 prosent av den inntekta du har i dag. Difor tilrår ekspertane også at du sparer litt på eiga hand.
Eit fast beløp i månaden, så tidleg som mogeleg, kan auke pensjonen din vesentleg.

- Det er fint mogeleg å få den same kjøpekrafta som medan du var i arbeid, men det avheng av kor mykje du sparer sjølv. Du bør tenkje langsiktig og ha det same forhold til di eiga sparing i aksjar, som du har i forhold til sparinga di i eigedom. La denne sparinga gå sin gong og fokuser på langsiktigheit, er rådet frå Birkevold.

Les meir om pensjonssparing

Kva med AFP?
Så var det dette med AFP då. Alle får vel det?

- Nei, dette gjeld berre for dei som har jobba i ei bedrift med tariffavtale, og som er tilknytt AFP-ordninga. Det er det slett ikkje alle som er, seier Birkevold.

AFP står for avtalefesta pensjon, og er du tilknytt ordninga kan du gå av med pensjon frå fylte 62 år. For å gjere forvirringa total, er det faktisk skilnader på ordningane i privat og i offentleg sektor.

– I privat sektor er AFP blitt ein tilleggspensjon. Her kan AFP takast ut sjølv om du framleis står i full jobb. Mange vel å ta den ut etter fylte 62, fordi den årlege utbetalinga då blir større. I offentleg sektor derimot er AFP ei rein tidlegpensjonsordning, der du får utbetaling frå ordninga i perioden mellom 62 og 67 år, og berre dersom du faktisk sluttar i jobben din, forklarer Birkevold.