
Med individuell pensjonssparing kan du spare inntil 40 000 kroner kvart år – og du får 22 prosent av sparesumen i frådrag på skatten. Det betyr at du kan få ein årleg skatteutsetjing på 8 800 kroner om du sparer maksbeløpet.
Vel du IPS som spareform er heile sparesaldoen din unnateke formueskatt – og du betaler heller ikkje skatt på avkastninga i spareperioden. Du kan ta ut pengane frå og med fylte 62 år.