Myndig

Den dagen du fyller 18 er du myndig – og plutselig i førersetet når det gjelder din egen økonomi. Vi i banken er her for å hjelpe deg å gjøre gode valg – både for deg og økonomien din.

Myndigheit til å ta eigne val

Som myndig er du likestilt med foreldra dine og kan ta dine eigne val i forhold til pengane dine og økonomien din.
  • Du har full kontroll over din eigen bankkonto
  • Du kan inngå avtalar som er gyldige og bindande  
  • Du har mogelegheit til å ta opp lån  
  • Du kan få kredittkort    
Vi inviterer deg til eit rådgivarmøte i banken der vi saman snakkar meir om økonomi, sparing, forsikringar og kva som er kjekt å vite no som du er vaksen. 

Aktuelle produktar

Dette må du som er 18, vite om BankID

Til no har kanskje foreldra dine hatt tilgang til BankID-brikka di og passordet ditt. No som du er 18 år og myndig, er det du som er ansvarleg for din BankID og alt han blir brukt til. Det vil seie at du bør endre passordet til noko ingen andre enn deg kjenner til, og leggje brikka di på ein lur stad som berre du veit om. For du skal nemleg ikkje dele påloggingsinformasjon med nokon andre – heller ikkje foreldre, banken eller politiet!