Brått har du ansvaret for din eigen økonomi – og kanskje har du allereie rokke å bli litt forvirra? Det er renter i flytande og fast form, skattemeldingar som skal leverast inn, og studielån som skal gjerast om til stipend. Kredittkorta blir kasta etter deg og foreldra dine masar om BSU – eller var det BLU? Vi har sett om frå bankspråk til kvardagsspråk:

  • BankID med kodebrikke: Ei kodebrikke du får av banken, og som gjer at du kan logge deg inn i nettbanken din – og på offentlege nettsider som Lånekassen, NAV og Altinn.
  • BankID på mobil: Funkar på same måte som vanleg BankID, men du brukar mobilen i staden for ei kodebrikke. Les meir om BankID her.
  • BLU: Forkorting for Bustadlån Ung. Ei ordning som gjer det enklare for deg under 34 år å komme inn på bustadmarknaden. Du kan låne inntil 85 prosent av kjøpesummen.
  • BSU: Bustadsparing for unge. Du kan spare inntil 25.000 kroner i året, og får gode vilkår den dagen du kjøper bustad.
  • Fast rente: For deg som vil betale det same kvar månad. Renta er fast, sjølv om marknaden svingar.
  • Flytande rente: Når rentene går litt opp og ned, avhengig av marknaden. Om økonomien din toler at det varierer litt, er flytande rente mest lønsam over tid.
  • Folkeregistrert adresse: Den offisielle adressa di som mellom anna avgjer kvar du kan røyste når det er val. Som student kan du velje om du vil halde fram med å vere registrert på heimstaden din, eller om du vil bli registrert på ny bustad ved studiestaden. Her melder du flytting.
  • Fødselsnummer: Eit ellevesifra registreringsnummer som skil enkeltpersonar frå kvarandre. Usikker på ditt? Sjekk passet.
  • Kredittkort: Betalingskort der banken lånar ut pengar (gir kreditt) slik at du kan betale for varer og tenester utan å ha tilgang på kontantar. ViVo kredittkort er for deg mellom 18 og 28 år.
  • Personnummer: Dei fem siste sifra av fødselsnummeret ditt.
  • Skattemelding: Blei tidlegare kalla sjølvmelding. Kvart år skal Skatteetaten ha informasjon om kva du har av inntekter, utgifter, formue og gjeld. Dette dannar grunnlaget for kva du skal betale i skattar og avgifter.
  • Studielån: Når du får innvilga utdanningsstønad til høgare utdanning, får du utbetalt ein viss sum kvar månad i studieåret. Dette er eit lån som er rentefritt så lenge du er i fulltidsutdanning. I etterkant kan delar av lånet bli gjort om til stipend.
  • UNG-forsikring: Forsikringspakke for unge under 34 år som inneheld dei viktigaste forsikringane: Innbu-, reise- og ulykkesforsikring. Sjekk pris og kjøp UNG-forsikring her.