For elektriske bilar og motorsyklar vil det bli ei avgift tilsvarande den som er på vanleg motorsykkel. For elektriske drosjer, traktorar, mopedar og ATV vil avgifta på desse bli det same som dei som går på andre drivstoff.

For 2021 er det 2135 kroner for elektriske bilar og motorsyklar og 496 kroner for elektriske drosjer, traktorar, mopedar og ATV. 

  • Kjøpar du el-kjøretøy før 1. mars 2021 og får den registrert, blir det ikkje TFA før i frå neste hovudforfall.
  • Aktive forsikringar som har fornying før 1. mars 2021, får ikkje avgifta før neste hovudforfall.   

Kilde: Trafikkforsikringsforeininga