Kom i gang med Eika mobilbank
-
Korleis kjem eg i gang med Eika mobilbank?
Søk etter Eika mobilbank i App Store eller Goole Play. Start mobilbank-appen og vel «Kom i gang».
Du kan anten bruke BankID med brikke/app eller BankID på mobil for å aktivere mobilbanken.
-
Treng eg BankID for å logge inn i mobilbanken?
Du treng BankID eller BankID på mobil for å aktivere mobilbanken. Når mobilbanken er aktivert, vil du få opp alternativ for ansiktsattkjenning/fingeravtrykk og høve til å lage ein eigen kode. Deretter kan du logge inn med kode, fingeravtrykk eller ansiktsattkjenning.
Når du lagar din eigen kode for innlogging, er det lurt å bruke ein annan kode enn PIN-koden du brukar på eventuelle bankkort.
-
Eg er kunde i fleire Eika-bankar. Kva gjer eg?Du vel kva for ein bank du vil sjå, når du aktiverer mobilbanken. Dersom du vil endre dette seinare, kan du gjere det i «Innstillingar» – «Byt bank».
-
Kan eg endre koden for innlogging?Om du har gløymt PIN-koden din eller berre ønskjer å endre han, må du aktivere mobilbanken på nytt. Klikk på «Gløymt koden» for å velje ein ny kode. Hugs at du må stadfeste med BankID eller BankID på mobil for å endre kode.
Du kan også skru på ansiktsattkjenning, og deretter får du opp «Gløymt koden». Du vil bli send til reaktivering med BankID.
-
Kan eg endre innlogging med ansiktsattkjenning eller fingertrykk?Ja, gå til «Innstillingar». Deretter kan du slå av eller på. Dersom du vil aktivere på nytt, skriv du berre inn koden din med fire siffer. Har du gløymt PIN-koden din, kan du reaktivere appen med BankID og velje ein ny kode.
-
Eg har ikkje BankID – kan eg ta i bruk mobilbanken?Inntil vidare må du ha BankID for å ta i bruk mobilbanken, men vi jobbar med å få på plass ei løysing for personar utan BankID.