- Dei aller fleste kundane våre har orden på økonomien sin, det vil seie at dei betalar rekningane sine i tide og stort sett set av litt pengar til sparing. Dei færraste har likevel ein overordna plan, fortel Klaus Høidal i Eika Skolen, opplæringseininga i Eika Alliansen.

Han er sikker på at mange kundar har mykje å hente på å nytte seg av tilbodet i banken om å få oversikt og innsikt i alle delane av økonomien sin, og så legge ein god plan for heile økonomien på kort og lang sikt.

- I eit rådgivarmøte går du og rådgivaren din gjennom fem faste punkt, og snakkar om alt frå små endringar i kvardagen til korleis du kan forsikre liv og helse. Når de er ferdige, kan du vere trygg på at «alt er på stell» økonomisk.

Bestill eit rådgivarmøte no

De fem punkta i rådgivarmøtet

  1. Status. Korleis står det til med økonomien din i dag? Saman set de opp budsjett.
  2. Dersom noko skulle skje. Kva skjer med økonomien om du eller andre i familien blir alvorleg sjuke, eller i verste fall om éin skulle døy, og korleis ønsker de i så fall at økonomien skal vere?
  3. Framtida. Kva er dei små og store hendingane i åra som kjem, og som det kan vere lurt å tenke på allereie no? Kva kjenner du til om pensjon, og korleis ønsker du å ha det som pensjonist?
  4. Sikre verdiar. Er huset og eigedelane dine ordentleg forsikra?
  5. Kvardagsøkonomi. Kjenner du alle dei enklaste måtane å bruke banken på i kvardagen? Bank på mobil og PC, ulike kort for ulike situasjonar og nye måtar å betale på?

- Rådgivaren din er fagleg sterk, med utdanning og sertifiseringar innan personleg økonomi, skade og personforsikringar samt kreditt. Like viktig er det at han eller ho også kjenner deg godt, og difor er personleg interessert i at du skal gjere gode val. Desse temaa er for store og viktige til at du kan google deg fram til svar på eigen hand, seier Høidal.

Sjølve møtet skjer vanlegvis ved at rådgivaren møter deg personleg i banken. I desse pandemi-tidene må vi likevel halda møtet på andre måtar av og til.

- Du kan sjølvsagt ta ein gjennomgang som eit webmøte via teams, eller via telefon i staden. Men det er éi ulempe ved å gjere det på den måten, seier Høidal:

- Da må du brygge kaffien sjølv!