Dei fleste rådgivarane våre er autoriserte gjennom ordninga til FinAut, følgjer reglane deira for god skikk, og øver på etikk kvart einaste år. I tillegg kjenner ofte rådgivaren i lokalbanken deg og situasjonen din frå før, og er personleg oppteken av at du skal velja det som er best for deg. Mange av desse temaa er for store og viktige til at du kan googla deg fram til svar. Etter ein rådgivarsamtale og ein kaffikopp, kan du vera trygg på at «alt er på stell» økonomisk.