Spørsmål og svar om aksjesparekonto
-
Kva er aksjesparekonto frå Eika?Det er ein konto der du kan samle alle aksjefonda dine (dvs. verdipapirfond med aksjedel på 80 prosent eller meir). Med ein aksjesparekonto hos oss kan du kjøpe og selje aksjefond utan å utløyse skatt undervegs så lenge du ikkje tek ut gevinsten frå kontoen. Det kostar ingenting å opprette ein aksjesparekonto hos oss.
-
Kva kan inngå i en aksjesparekonto hos Eika?Med ein aksjesparekonto hos oss kan du samle alle aksjefonda dine registrerte innan EU/EØS på ein stad. På sikt vil du også mest sannsynleg kunne overføre dine børsnoterte aksjar og eigenkapitalprov innan EU/EØS til kontoen.
-
Kva tyder dette for meg?
Innføringa av aksjesparekonto gjer det enklare for deg å spare i aksjar og fond – sparemetoden som historisk sett har gitt høgare avkastning enn banksparing:
- Ta ut heile beløpet du har satt inn –utan å skatte
- Sel eller bytt aksjefond utan å skatte undervegs
- Betal skatt fyrst når du tek ut gevinsten frå aksjesparekontoen