Historie

Historie

Ørskog Sparebank er ein sjølvstendig og solid sparebank med ein forretningskapital på ca. 3,3 mrd og 22 tilsette. Banken er lokalisert i Sjøholt sentrum i Ørskog Kommune og med et rådgivningskontor på Moa.

I 1855 utarbeidde Rasmus Storvik, Ole Sollied og Bendik Skarbø ein plan for stifting av Ørskog Sparebank. Banken starta si verksemd den 3. januar i 1857, og har ein tradisjonell "sparebankhistorie" bak seg. Det betyr nøkternheit, samfunnsansvar, personleg kundeoppfølging og ein bank å samarbeide med.

Banken er ein av aksjonærane i Eika-Gruppen AS. Gjennom dette samarbeidet tilbyr vi ei rekke finansielle produkt, blant anna livs- og skadeforsikring, fondsprodukt og leasing. Som eigar i denne alliansen tilbyr vi gode tenester til konkurransedyktige priser.

I samarbeid med kundane forsøker vi å utnytte våre smådriftsfordeler:
o Nærleik til kunden
o Tilgjengelegheit
o Personleg oppfølging
o Fleksibilitet

Vi er organisert som ei sjølveigande stifting, det vil seie at ingen eig den formue som Ørskog Sparebank representerer. Eigenkapitalen er bygd opp gjennom over 167 år med overskot, og det er bygdefolket og kundane i fellesskap som har eigedomsrett til banken. Det er også denne grupperinga som har styring med banken.

I forstandarskapet, som er øvste organet, er det 12 representantar. 8 av disse er vald av innskytarane, og 4 er vald blant dei tilsette.

Forstandarskapet veljar styret som har som oppgåve å leie banken i samsvar med lover, vedtekter og andre forskrifter som forstandarskapet eller Finanstilsynet har gitt. Styret består av 6 medlemmer, og ein av disse er vald av dei tilsette.

Til å kontrollere bankverksemda skal banken ha en revisor. Dette er KPMG i Molde, ved statsautorisert revisor Else Berit Grønbech Hamar.