Vi deler kvart år ut ein del av overskotet vårt til allmennyttige føremål.

Ein solid sparebank er ikkje mykje verd utan kundar og eit levande lokalsamfunn. Banken gir derfor kvart år ein del av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Vi oppmodar alle lag og organisasjonar som ønskjer å komme i betraktning til å sende ein skriftleg søknad om tildeling av midlar. Vi kan også vurderer gåver til einskilde personar eller andre med gode prosjekt. Søknaden må innehalde informasjon om prosjektet, kostnadane og kven som er målgruppa, antal deltakarar m.m. Søknadsskjema blir lagt på bankens heimesider og søknadsfristen er 31. januar kvart år.

Banken sponsar lag og foreiningar i lokalsamfunnet

Ørskog Sparebank har samarbeidsavtalar med fleire lag og foreiningar lokalt. Eit overordna formål med avtalane er at laga skal gi eit positivt bidrag til lokalmiljøet ved å tilretteleggje for allsidig aktivitet for laga sine medlemmer, særskilt born og unge.  

 

Vi kan til dømes nemne:

  • Ørskog Idrottslag
  • Vestnes Seilforening
  • Ålesund Innebandyklubb
  • Ørskog Brass
  • Ørskog Skulekorps
  • Ørskog Angels
  • IL Lauparen
  • Ørskogfjellet Skilag
  • Arena Overøye
  • Glomset IL