Hopp til innholdet
Montasje av alle ansatte i Ørskog Sparebank
Nyhet

Kundevalg i Ørskog Sparebank

Snart er det kundevalg i banken

Valtidspunkt

Valet skal haldast i perioden 27. januar (kl. 09:00) til 30. januar (kl. 23:59).

Korleis du røyster ved valet

  • Digitalt: Lenke blir lagt ut her, 27. januar kl. 09:00

    Vi oppfordrar alle som kan om å nytte bankens digitale løysing med Bank ID ved å følgje link over. Her kan du gje di røyst når som helst i valperioden, også utanfor bankens opningstid.

  • I bankens lokale på Sjøholt

    • Onsdag 29. januar, kl. 10:00-15:00
    • Hugs å ta med legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort, førarkort)
    • Skal du røyste via fullmakt, ta kontakt med banken for å få tilsendt fullmaktsskjema i forkant av røystinga.

    Kven kan røyste
    Alle myndige kundar i Sparebanken som har, og i dei siste seks månader har hatt, eit innskot på minst 2.500 kroner, kan veljast og har røysterett ved val av medlemar og varamedlemar som skal representere kundane i forstandarskapet. Kvart kundetilhøve gjev éi røyst når ikkje anna følgjer av lov eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige kundetilhøve og ei som representant for annan kunde.

    Kven skal veljast – kandidatar til valet
    Forstandarskapet er det øvste organet i banken, og består av totalt 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og mellom Sparebanken sine myndige kundar. Minst sju av dei kundevalde medlemene skal ha folkeregistrert adresse 6240 Ørskog. Medlemene- og varamedlemene vert valde for ein periode på 4 år, og er eit reint fleirtalsval.

  • Medlemar på val: Thorbjørn Fylling, Arild Bakken
  • Varamedlem på val: Josefia Longva Danielsen

Banken si valnemnd for kundevalet har kome med følgjande forslag på kandidatar for perioden 2025-2029, i alfabetisk rekkefølgje:

Namn

Adresse

Fødd

Joranger, Evy Vatne Ørskog 1955
Kjersem, Eli Cathrine Ørskog 1971
Reite, Mildrid Ørskog 1971
Sollied, Jon Egil Ørskog 1980
Tomren, Ida-Helen Ørskog 1990

Aasen, Wenche Gausnes

Ørskog

1967

Røysteføre kundar kan foreslå alternative kandidatar. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og -dato, fullstendig adresse, samt grunngjeving for forslaget. Forslaget må vere banken i hende innan 13. januar.

Vi oppfordrar alle kundar om å nytte røysteretten! Det er i forstandarskapet dei viktige vedtaka vert gjort, til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåvemidlar. Ved å røyste kan du dermed vere med på å påverke utviklinga i Ørskog Sparebank.