Hopp til innholdet
Nyhet

Kundeval 2025

Som kunde kan du påverke utviklinga i Ørskog Sparebank ved å foreslå kandidatar til forstandarskapet.

Forstandarskapet er den øvste avgjerdsmakta i Sparebanken, og består av totalt 16 medlemer med 6 varamedlemer. Av desse er 12 medlemer og 4 varamedlemer valt av og mellom Sparebanken sine kundar. Banken sine kundar kan på denne måten, via sine representantar i forstandarskapet, vere med på viktige vedtak som til dømes val av styremedlemer, godkjenning av årsrekneskap og utdeling av gåver. 

Alle myndige kundar i Sparebanken som har, og i dei siste seks månader har hatt, eit innskot på minst 2.500 kr, kan veljast og har røysterett ved kundevalet. Medlemer vert valde for 4 år. 

Forstandarskapet si valnemnd oppfordrar hermed røysteføre kundar til å foreslå kandidatar som kan bidra i banken si vidare utvikling. Forslaget skal innehalde kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, fullstendig adresse samt kort grunngjeving for forslaget. 

Forslag på kandidatar til forstandarskapet kan du sende til Ørskog Sparebank v/ Sindre Tennfjord innan 06.12.2024. E-post: sindre@orskogsparebank.no

Valnemnda sine medlemer: 
Runa Klock (leiar), Kjetil Søvik, Sindre Tennfjord 

Sindre Tennfjord

Sindre Tennfjord

Autorisert Finansiell Rådgiver