Koronaviruset - kva dekker forsikringa?

Vi har stor pågang på telefonen, det er fint om du ikkje ringjer oss dersom det ikkje er akutt, men bruker tenestene våre på nett. Vi følgjer styresmaktene si oppfordring og jobbar også heimanfrå.

Har du helårs reiseforsikring?

Heilårs reiseforsikring dekkjer kostnadar til avbestilling av bestilte utanlandsturar

Eika helårs reiseforsikring dekker avbestilling av utenlandsreiser knytte til Covid 19.
 
Du treng ikkje melde saka di til oss før avreisetidspunktet har vore. Då veit du kor mykje som blir refundert av reisearrangør og flyselskap.
 
Vi anbefaler deg å venta med å melda skaden til reisearrangør eller flyselskap har kansellert reisa di. Då har du rett på tilbakebetaling frå arrangøren eller flyselskapet. Beløp som ikkje blir refundert av reisearrangøren eller flyselskapet kan du søkje om å få dekka av Eika.
 
Du kan melda saka di inntil eitt år etter at den har oppstått.
 
Avbestilling av planlagt reise
 
Regjeringa informerte 25. juni om endringar i reiseråda. Det globale reiserådet for alle land gjeld framleis til 20. august.
 
Frå 15. juni vart det gjort unntak for land i Norden som ikkje har høg smittespreiing. Grada av smittespreiing er definert av folkehelseinstituttet (FHI).
 
Frå 15. juli vil det òg bli gitt unntak etter same kriterium for enkeltland i EØS/Schengen. Kva land som i første omgang vil få unntak, vil bli publisert 10. juli. Regjeringa understreka bodskapen om at pandemien er i stadig utvikling og opning for land avheng av smittesituasjonen til kvar tid. Denne kan endra seg på kort varsel. Det er uklart kva land som vil bli unntatt. Vi ber deg derfor vente med å melde di sak til etter at det har komme informasjon om kva land som bli unntatt frå reiseråda.
 
Eika dekker utgifter til avbestilling av reiser til utlandet som du ikkje får dekt av andre så lenge det er eit gyldig reiseråd på avreisetidspunktet, og reisa er bestilt før 12. mars.
 
Vi forlenger dekninga så lenge det finst reiseråd frå UD.
 
Vi dekker ikkje avbestilling av innenlandsreiser

Dette gjer du:

  • Sjekk at dato for bestilling av reise er før 12. mars 2020 (vi dekkjer ikkje avbestillingar av reiser bestilt etter 12. mars 2020). 
  • Vi vil gjerne at du avventar fram til avreisedato før du avbestiller reisa. Først då vil du vite kva for refusjon du kan få frå flyselskap eller reisearrangør. Vi kan ikkje behandle saka di før dette er avklart. 
  • Ved innstilt flyreise har du rett på tilbakebetaling frå flyselskapet. Du bør vente og sjå om flyavgangen blir innstilt og så søkje refusjon frå flyselskapet. Informasjon om dine rettar og refusjon (forbrukerrådet.no).

Verdikupongar

EU-kommisjonen har opna for at flyselskap kan tilby verdikupongar i staden for tilbakebetaling, men dei er også tydeleg på at du framleis kan krevje tilbakebetaling. Dersom du har fått cashpoints, bonuspoeng eller verdikupong av flyselskapet, kan du bruke desse på ei ny reise seinare. Ofte kan verdikupongen innløysas i pengar ved utløpsdato. Du vil ikkje få erstatning frå forsikringa i tillegg. Vi rådar våre kundar til å krevje refusjon i staden for verdikupongar.

Pakkereiser

Pakkereiser blir refundert av reisearrangøren dersom Utanriksdepartementets reiseråd gjeld for ditt reisemål og din reiseperiode. Normalt skal reisearrangør betale tilbake innan 14 dagar. Det er i midlartid vedtatt ei midlartidig forskrift som utset freista til tre månader for avbestillingar fram til 14. juni. Regjeringa vil samtidig kome med ei støtteordning slik at reisearrangørane kan betale tilbake kundane sine. Informasjon om rettar for pakkereiser (forbrukerrådet.no).

Beløp du ikkje får refundert kan du søkje om å få dekka hos Eika.  

Gjeld reiseforsikringa dersom eg reiser på trass av UD sine reiseråd?

Vi anbefaler at du alltid følgjer Utanriksdepartementets reiseråd!

Vel du å reisa på trass av reiseråda, vil ikkje hendingar som er knyta til koronasituasjonen bli dekka av reiseforsikringa.
Om du for eksempel reiser til eit område der det er påvist smitte, vil evakuering ikkje bli dekka. Dette fordi situasjonen var kjent før avreise.

Det er mindre bemanning på flyplassar, så bagasje kan bli forsinka som følgje av koronasituasjonen. Dette er også kjent før avreise og vil ikkje vera dekka.

For hendingar som ikkje er koronarelatert gjeld forsikringa som opphaveleg avtalt, men våre moglegheiter til å hjelpa deg i desse områda er nå særs avgrensa. Vi kan ikkje garantera deg hjelp dersom du for eksempel har behov for heimtransport eller behandling på sjukehus eller hos lege, då det er eit ekstra stort press på helsevesenet og transportsektoren i heile verda.

I tillegg kan ein ikkje rekna med å få konsulær bistand frå Utanriksdepartementet til å kome heim til Noreg, dersom det skulle bli nødvendig.

Vi er her for deg

Meld skaden din her eller kontakt oss på telefon 915 03 850 (tast 2).

Merk: det er ei stor mengde saker som blir meldt til oss. Du må difor pårekna lengre saksbehandlingstid enn normalt.

Spørsmål og svar