Det skjer dei fleste av oss ein gong iblant - at ikkje ferien går heilt etter planen. I fjor blei det meldt så mykje som 8.000 forsikringsskader, ifølge Didrik Samuelsen Stensrud, produktsjef i Eika. Her er fem typiske ferieuhell, og kva du må gjere om dei skulle ramme deg.

1. Influensasjuk og sengeliggande
Du har jobba på spreng for å få unna gjeremåla på jobb før du skal nyte ei veke med familien på høgfjellet. De har leigd ei flott hytte og har allereie pakka skiutstyret, men i det du senkar skuldrene, erobrar influensaen kroppen og du kan sjå langt etter hyttedraumen og nypreppa skispor. Å sitje timar i bil for å kome dit, er heilt uaktuelt. Får du igjen kostnadene når du avbestiller utleigehytta?

- Avbestillingsforsikringa dekker avbestillingsutgifter som mellom anna skuldast akutt sjukdom som rammar forsikra eller den næraste familien til forsikra i EØS. Men hugs at du må skaffe legeattest som stadfestar at du oppsøkte lege før reisa skulle starte og at avbestillinga skuldast akutt sjukdom eller ulykkesskade, understrekar Stensrud.

2. Matforgifta i utlandet
All inclusive og buffé-livet byr ikkje berre på late dagar og kveldskos. Det seiast at så mykje som éin av fire opplever matforgiftning i løpet av eit år. Forureina mat kan få den mest robuste mage til å gå i krøll, men heldigvis kjem dei fleste seg i løpet av eit døgn. I alvorlege tilfelle kan det derimot bli naudsynt med ei innlegging for å unngå dehydrering. Men sjukehusopphald i andre land kan koste dyrt. Heldigvis blir det betalt erstatning for påkomne utgifter før du kjem attende til heimstaden din i Noreg, seier Stensrud.

- Generelt dekker forsikringa naudsynte og vanlege utgifter som du pådreg deg under reise, ved ulykkesskade, akutt sjukdom eller død, i tillegg til uventa akutt forverring av kronisk liding, legg han til.

3. Åleine ved bagasjebandet
Kjenner du kjensla av å stå att åleine ved bagasjebandet på flyplassen og vente på kofferten din? Dei fleste opplever heldigvis at kofferten kjem til rette innan eit par dagar. I mellomtida er det berre å smørje seg med tålmod og handle inn det du måtte trenge av naudsynte toalettartiklar, undertøy og klede. Forsikringa dekker forsinka reisegods ved utreise, ifølge Stensrud.

- Når innsjekka reisegods har kome fram minst 4 timar forsinka til reisemålet, blir naudsynte utgifter refundert med inntil 5.000 kroner per person i den tida reisegodset er sakna, held han fram.

- Men hugs å ta vare på alle kvitteringar og få forseinkinga stadfesta av transportøren, legg han til.

4. Afterski og dagen baketter
Mange kjende og dans til langt på natt - for ein kveld! Berre så synd at du kom heim utan den nye skijakka di. Du leita etter den før du tok taxi heim til hytta, men ringer utestaden likevel. Kanskje den er komen til rette, men nei. Jakka er søkk vekk.

- Forsikringa dekker tjuveri, men ikkje ting som er mista eller gløymt att. Det er viktig at tjuveri straks blir meldt til politi på staden, fortel Stensrud. Har du blitt fråstole noko på ein utestad, ein restaurant eller liknande, må det meldast til staden og stadfestast skriftleg. Både meldinga til politiet og stadfestinga frå staden er nemleg naudsynte bevis på at tjuveriet har skjedd, avsluttar han.

5. Turist i eigen by
Endeleg har du tid til å vandre rundt, ta lunsjen på kafé og berre slappe av. Du tek bussen til byen, men i det du skal av, oppdagar du at veska di er vekk. Nokon har regelrett stole den frå setet ved sidan av deg. Det er rett nok litt jobb med å erstatte alle kort og nøklar, men visste du at reiseforsikringa gjeld med éin gong du forlet heimen? Meld forholdet til politiet og legg ved dokumentasjon, så får du tapet dekt av forsikringa. Det er i alle fall eit lite plaster på såret.

Uansett kva slags type reise du planlegg, sørg for å ha reiseforsikringa i orden. Sidan reiseforsikringa gjeld så fort du er utanfor heimen, vil det seie at den også vil vere god å ha for deg som sparer feriedagane til seinare i år. Bestill reiseforsikring i dag, så kan du senke skuldrane vel vitende om at det ordnar seg om noko uforutsett skulle skje.