Funn i same rapport viser at snittsummen nordmenn handla for per månad i 2018 var på 2095 kroner. 

- Når stadig fleire handlar på nett er svindel i forbinding med dette eit aukande problem, seier Produktsjef i Eika Forsikring Didrik Stensrud.

Han viser til at kring 4 prosent av dei som handlar på nett informerer om at dei har opplevd svindel i laupet av dei siste tolv månadane.

Trygg netthandel med Onlineforsikring
Skulle du vera så uheldig å oppleva svindel ved handel på nett, er du betre rusta med Onlineforsikring. Forsikringa erstattar tap på inntil 25 000 kroner ved onlinekjøp der varer eller tenester ikkje er motteken og elektronisk betaling er avtalt. Det same gjeld for sal, der betaling ikkje er motteken for vare eller teneste som er gitt.

Forutsetninga er at kunden sjølv har gjennomført tiltak for å få tilbakebetalt beløpet eller vara. Om dette ikkje fører til ei avklaring skal forhaldet meldast til politiet og hendinga må bli rapportert til bank og kortutstedar. I nokre tilfelle erstattar bank eller kortutstedar tapet, men ikkje alltid.

- Då kan det vera lurt å vera sikra gjennom ei forsikring, tipsar Stensrud.  

Lær meir om vår Onlineforsikring her.

Gode råd til sikker netthandel

  • Studer nettstaden: Er teksten dårleg oversett? Er tilboda for gode til å vera sanne? 
  •  Søk etter nettstadsvurderingar gjort av tredjepart – Korleis blir leverandøren vurdert?
  • Bestill og betal seinare ved faktura - spesielt ved bruk av ukjend nettstad
  • Ved forskotsbetaling gir du mottakar av betalinga stor tillit