Undersøkinga viser at nordmenn jamt over er godt fornøgde med forsikringsselskapa sine. Tilfredsheita er på det høgaste nivået sidan EPSI Norge starta dei årlege målingane, og i 2017 var det Eika Forsikring som kom aller best ut med ein tilfredsheitsskår på 75,5.

 

God oppfølging

 

– Kundane til Eika er svært fornøgde med forsikringsprodukta dei har, og opplever at forsikringsselskapet er flinke til å følgja dei opp. 

Dette gir kundane ei kjensle av å vere rett forsikra, og det er sjølvsagt noko som skapar både tillit og lojalitet, seier Fredrik Høst, dagleg leiar i EPSI Rating Norge. 

 

Lurt å samla alle forsikringar i same selskap

To av tre forsikringskundar oppgir at dei har samla alle forsikringane sine hjå éin og same leverandør.

  • Målinga viser at dei forsikringskundane som har samla alle forsikringane på éin stad, er mykje meir tilfredse enn dei som har avtalar med fleire forsikringsselskap.

Sjå alle forsikringane våre og bestill her

 

Tre viktige funn frå undersøkinga

  • Det er flest skadar på køyretøy. Deretter følgjer skadesaker som dreier seg om reise og bustad.
  • Rask og god skadehandtering. Forsikringskundar som har hatt eit skadeoppgjer, er godt tilfredse med måten saka blei handtert på.
  • Eika er nest best på bedriftsmarknaden. Også bedriftskundar er godt fornøgde med Eika, og skåren på 71,9 held til ein solid andreplass.

 

Lurer du på kva forsikringar du treng?

Ta kontakt med ein av dei dyktige rådgivarane våre – vi hjelper deg gjerne.