Kor lang tid skadeprosessen tek, og når du kan få utbetalt erstatninga, kjem mellom anna an på omfanget av skaden. Som regel blir ikkje erstatninga utbetalt før alle dei nødvendige undersøkingane er avslutta. 

Det er tre ting som legg grunnlaget for kva du får i erstatning: 
  • Opplysningar om skaden (gitt av deg). 
  • Utrekningar utførte av takstmann eller ein annan fagperson. 
  • Eventuell fakturadokumentasjon. 
Ein reknar erstatningssummen etter kor mykje det kostar å reparere skadane eller få gjenstanden i samme stand som han var før skaden skjedde. 

Enkelte gonger får ein erstatning i ei anna form enn kontantoppgjer - anten ved å få gjenstanden reparert, sett i same stand som han var før han blei skada eller få ein tilsvarande gjenstand som erstatning. 

Kva for frådrag kan du forvente? 
Ofte blir det trekt frådrag basert på tingen sin alder, slitasje, brukstid og bruksverdi. Med utgangspunkt i den opphavlege verdien til gjenstanden, gjeld desse frådragsreglane når gjenstanden er eldre enn enn det oppgitte talet på år. 

Innbu og lausøyre: 
  • For skade på kvite- og brunevarer blir det trekt 10 prosent per år etter 7 år. 
  • For skade på sykkel og tilhengjar blir det trekt 10 prosent per år etter 2 år. 
  • For skade på varmepumpe, boblebad og liknande blir det trekt 10 prosent per år etter 1 år. 
  • Skade på brukte ting, som ein anten har skaffa seg ved arv, gåve eller kjøp, blir erstatta med summen det kostar å skaffe ein tilsvarande brukt gjenstand.
  • Skade på datamaskinar, nettbrett og mobiltelefon blir erstatta med marknadsprisen for tilsvarande brukt utstyr. 
Dersom du eig verdifulle samlingar, kunst, antikvitetar eller smykke, treng du heldigvis ikkje uroe deg for at det skal bli trekt frådrag. Denne typen gjenstander blir erstatta i sin fulle verdi. 

Kor mykje er det i eigendel? 
Dersom frådraget er høgare enn den avtalte eigendelen, slepp du å betale eigendel. Standard eigendel er 4 000 kroner, men det finst nokon unntak: 
  • Eigendel ved naturskade er 8 000 kroner (fastsett av departementet). 
  • Eigendelen ved vasskadar er 15 000 kroner, dersom bygningen har vore ramma av lekkasjer, vasskadar e.l. dei siste 36 månadene. 
  • Eigendelen ved tjuveri av sykkel og barnevogn er 3 000 kroner. Eigendelen er 1 500 kroner dersom sykkelen er registrert i Falck Sykkelregister. 
  • Dersom du leiger ut heile bustaden, og det ikkje er opplysningar om dette i forsikringsbeviset, blir eigendelen auka med 10 000 kroner. 
Når blir eigendelen redusert? 
Har du ein godkjend alarm dersom du får brann- eller vasskade eller innbrot i huset ditt, blir eigendelen redusert med 4 000 kroner. Det som gjeld dersom du opplever skade som rammar overspenningsvern eller brann-, innbrot- eller vassalarmar. 

Kvifor blir ikkje momsen utbetalt? 

Momsen er ei utgift staten skal ha. Derfor kan ikkje Eika betale ut denne før den er dokumentert betalt. 

Kva om du er usamd i erstatninga? 
Om du er usamd og meinar at vi bør gå gjennom saka eing gong til, tilrår vi at du først og fremst gir ei tydeleg forklaring på kva du er usamd i. Legg i tillegg ved eventuelle nye opplysningar som underbyggjer det du meiner er rett. 

Har du spørsmål om skadeoppgjeret ditt, kan du ringe eller sende ein e-post til kontaktpersonen du har fått oppgitt i prosessen. 

Lurer du på noko anna i samband med forsikring, kan du kontakte oss på 915 03 850 eller sende ein e-post til forsikring@eika.no.

Vi er her for deg!