Å gløyme branntryggleiken i vinter kan få fatale konsekvensar. Her er tipsa våre for ei sikker førjulstid utan brann:

1. Sjekk røykvarslaren
1. desember er røykvarslardagen. Denne dagen skal alle skifte batteri i varslarne sine, og samtidig teste at dei fungerer som dei skal. Å nedprioritere dette kan i verste fall bli fatalt. I Oslo opplever brannvesenet at fungerande røykvarslarar manglar ved kvar fjerde bustadbrann.

2. Sløkk levande lys
Forlèt du eit rom, skal levande lys alltid sløkkjast. Unngå også brennbar pynt på lysestakar.

3. Bruk el-vett
Ta alltid ta ut støpselet på elektriske apparat som ikkje er i bruk. Sjå opp for svimerke på lampeskjermar, gardiner eller møblar. Slå av fjernsynet, og ikkje bruk vaskemaskin/oppvaskmaskin/tørketrommel om natta eller når huset står tomt.

Mange dekorerer hus, busker og trær med lys i advents- og juletida. Sørg for å ha skikkeleg lys til utandørs bruk som toler å stå utandørs i vind, vatn og kulde.  

4. Unngå mobil i senga
Mobiltelefon i senga er ingen god idé. Sjansen for at den skal ta fyr er ikkje stor, men om det først skjer er risikoen for alvorlege konsekvensar overhengande.

5. Pass på komfyren
Tørrkokte kjelar er eit kjent fenomen. Det kan ikkje seiast for ofte; - ikkje gå frå mat på komfyren.

6. Ha kontroll på brannsløkkingsutstyr
Skulle ulukka vere ute, må du ha kontroll på sløkkjeutstyret. Ikkje gøym brannsløkkingsapparatet inne i eit skap du ikkje har tilgang til. Kvar bueining skal ha tilgang på sløkkjeutstyr som skal kunne nyttast i alle rom og plasserast slik at ein kan gjennomføre ein effektiv sløkkjeinnsats i startfasen til brannen.

7. Sørg for riktig forsikring
Er bustaden din fullverdiforsikra, får du ein nøkkelferdig bustad i erstatning dersom huset blir totalskadd. I tillegg betaler Eika Forsikring for ein midlertidig bustad for deg og familien dersom de må flytte ut.

- Hugs å velje ei innbuforsikring med tilstrekkeleg forsikringssum, slik at du kan kjøpe tilbake eigedelane du mista i brannen. 

- Du har ikkje råd til å la vere. Å miste alt ein eig i brann er noko av det verste som kan skje ein familie, understrekar Anne Hyttemoen i Eika Forsikring.