Vi gir deg som kunde ein av dei beste bilbonusane i marknaden. Hos oss får du 50 prosent startbonus og marknaden si raskaste bonusopptening.  

 

-Frå startbonus til maksbonus tek det deg faktisk berre 5 år, fortel Tor Håkon Ballo, Direktør Produkt og Pris i Eika Forsikring.  

 

 

Same bonus på bil nummer 1 og 2
Hos oss får du same bonus på bil nummer to som du har på bil nummer ein. Det betyr at om du har 70 prosent bonus på den første bilen du forsikra får du same bonus på bil nummer to. 

Maks 10 prosent bonustap
Er du uheldig og får skade kan du trøyste deg med at hos oss får du berre 10 prosent bonustap, same kva bilforsikring du har valt. Hos oss er det nemleg ei sjølvfølgje at mindre skadar blir dekte, seier Ballo.