Helsestellet vårt syter for at alle barn får den hjelpa dei treng ved akutte hendingar. Men når sjukdom eller ulukker får langsiktige følgjer, er det ikkje alltid dei offentlege støtteordningane er nok, fortel Inger Sofie Landgraff, produktsjef person,  i Eika Forsikring:
- Ei privat barneforsikring dekkjer mellom anna medisinsk invaliditet, arbeidsuførleik, behandlingsutgifter ved ulukke og dagpengar i samband med opphald på sjukehus.

Barneforsikringa vår dekkjer familien sine kostnader ved alvorleg sjukdom eller skade, og sikrar dessutan den økonomiske framtida til barnet dersom konsekvensane blir langvarige, forklarar Landgraff.

3 grunnar til å forsikra barnet ditt

Når du først kjøper ei barneforsikring, håpar du sjølvsagt at du aldri skal få bruk for ho. Men om det først blir slik, skal du vita at barnet og familien får den hjelpa og oppfølginga de treng.

1. Du får éi bekymring mindre i ei vanskeleg tid. Det er nok å tenkja på viss barnet ditt blir sjukt eller skadar seg alvorleg. Med ei barneforsikring treng du i alle fall ikkje å uroa deg for det økonomiske.

2. Du kan konsentrera deg om det som betyr noko. Når livet blir snudd opp ned er det nok av ting å setja seg inn i, og kampar som må vinnast. Ei barneforsikring kan gjera det mogleg med permisjon frå jobb for å bruka meir tid saman med barnet ditt.

3. Du gir barnet ei betre framtid. Barneforsikringa dekkjer mellom anna utgifter til medisinsk behandling, reiseutgifter ved behandling og naudsynt tilpassing av heimen din. Barnet står dermed betre rusta til å møta ein annleis kvardag.

Kva blir dekt av ei barneforsikring?

Her er nokre døme frå røynda, henta frå Finans Norges skadeforsikringsstatistikk for 2017:

  • Astma og allergi. Ein gut på 6 år fekk diagnosen kraftig astma og allergi. Via fylkesmannen fekk han utbetalt 180 000 kroner frå forsikringa fordi han er erklært 10 prosent varig medisinsk invalid. I tillegg dekte forsikringa tilpassing av bustad med 185 000 kroner.
  • Epilepsi. Ein gut på 2 år fekk diagnosen epilepsi. Familien fekk utbetalt 1,2 millionar kroner då han blei erklært 50 prosent varig medisinsk invalid. Foreldra fekk òg utbetalt dagpengar på 56 000 kroner for dei seks vekene barnet var innlagt på sjukehus.
  • Brannskade. Ei jente på 14 år blei alvorleg brannskada på skuletur då ein gassbrennar eksploderte. Familien fekk mellom anna økonomisk erstatning for reiseutgiftene, og dagpengar for dei 30 dagane jenta blei liggjande på sjukehuset. Det bidrog til at far kunne ta permisjon frå jobben for å vera på sjukehuset med dottera.

Kjøp barneforsikring hjå oss

Barneforsikringa vår er ei kombinert sjukdoms- og ulukkesforsikring, og kan kjøpast frå barnet ditt har fylt tre månader. Ho gir god dekning utover det du får frå folketrygda og kostar berre 236 kroner i månaden.

Snakk med ein rådgjevar om barneforsikring i dag.