- Logge inn i mobil- og nettbanken
- Endre beløpsgrense i Vipps
- Logge inn hos Lånekassen
- Logge inn på offentlege nettsider
For å få BankID må du kome innom oss i banken – hugs å ta med deg passet ditt. Foreldra dine (eller verjene dine) må også signere. Dei må også ha med seg pass eller nasjonalt ID-kort.
Etter at du har vore hos oss, vil du få kodebrikka di i posten, men ho er ikkje aktiv endå. For å aktivere henne må du nemleg inn i nettbanken. Her blir du beden om å lage eit passord. Det er viktig at du brukar eit passord du ikkje har brukt frå før, at du hugsar passordet ditt, og at du ikkje deler det med andre.
Når det nye passordet er lagra, har du din eigen BankID. Pass godt på brikka di, og legg henne på ein lur stad du ikkje gløymer.