Mobilbank
-
Kva må eg gjere for å bruke mobilbank?
1. Last ned mobilbank frå Appstore eller Google Play.
2. Aktiver mobilbanken. Dette kan du gjere sjølv i appen eller i nettbanken.
3. Ha tilgang til trådlaust- eller mobilnett.
-
Korleis aktiverar eg mobilbanken?
Du kan aktivere mobilbanken på to måtar:
- Logg inn i :appen, trykk på menyen øvst til høgre (3 prikkar) – vel «melde inn ny avtale». Du får berre aktivert i appen med BankID brikke eller BankID på mobil
- Logg deg inn i nettbanken. Trykk på «innstillingar», vel så «mobilbank» - her vil du ha ein knapp det står «aktiver» på. Set deg di eiga pine kode og signar med BankID.
Dersom du ikkje har BankID - Kontakt oss så sender vi ein PIN-kode på SMS. Denne PIN-koden er gyldig i 10 minutt for aktivering av mobilbanken.
-
Treng eg BankID for å logge inn i mobilbanken?Nei, det treng du ikkje. Når du loggar inn i mobilbanken vil du få valet mellom å bruke BankID på mobil eller firesifra PIN-kode.
-
Kan eg endre PIN-kode?Du kan endre PIN-koden etter at du har aktivert. Vel "melde inn ny avtale" frå menyen, du vil då ha moglegheit til å aktivere avtalen på nytt og setje inn eigen PIN-kode. Du har også moglegheita til å endre PIN-kode i nettbanken under "innstillingar" og "mobilbank".
-
Korleis får jeg opp kontoar eg disponerer (til dømes barn og ektefelle)?Desse ligg under avtalar. Avtalar kan leggjast til i mobilbanken ved å klikke på "Avtalar" oppe i hjørnet. Vel avtalen du ønskjer å aktivere og klikk "Legg til". Kontoane under denne avtalen vil no vere tilgjengelege til å leggje til frå startsida i mobilbanken.
-
Kan eg betale til alle med Straksbetaling?Ja, betalingstenesta fungerer på same måte som med Vipps.
-
Kan ein overføre til mobilnummer med Straksbetaling?Ja, du kan også gå rett i adresseboka for å finne kontakten. For å kunne betale til eit mobilnummer, må mottakar ha registrert mobilnummeret og kontonummeret sitt i Straksbetaling.
-
Eg mottek ikkje pop-up koden for å godkjenne betalingar. Kva gjer eg?Pop-up koden blir send som ein SMS. Dersom telefonen din er stilt inn slik at SMS kjem gjennom Messenger, må denne oppkoplinga koplast frå. Vi tilrår alltid å bruke standard SMS app for mottak av meldingar.