Reis rimelegare og meir miljøvennleg!

Hos oss får du 2 % rabatt på all kollektivtransport når du betaler med ditt Eika Kredittkort. Anten du tek toget, bussen, eller trikken, kan du få litt tilbake for ditt berekraftige val.

Rabatten gjeld rabatten gjeld hos alle brukarstader registrerte med følgjande bransjekodar:

4111 - Kollektivtransport i urbane område, T-bane, trikk anna.
4112 - Persontog
4131 - Buss

Husk at du må vera påmeldt fordelsprogrammet vårt for å få rabatten. Enno ikkje gjort det? Du kan melda deg på her

Det viktige med den vesle skrifta
Alle brukarstader er registrerte med ein bransjekode i Visas nettverk. Dette for å gjera tydeleg kva kategori brukarstaden tilhøyrer. Me står ikkje ansvarleg for eventuelle feilregistreringar som fører til manglande rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.

Du kan maksimalt opptena 500 kr i rabatt per månad, og 2.500 kr per år. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.

Når kjem pengane på konto?
Rabatten blir utbetalt automatisk til kredittkortet ditt månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din, så får du oversikt over kva du har spart. Hugs at det alltid lønner seg å betala heile fakturaen ved forfall.

Ha ei hyggjeleg reise!