Utforsk Noreg i bubil

Å feriera i bubil eller campingvogn har vore utruleg populært sidan 2020, då mange nordmenn ville prøve ferie på fire hjul for første gong. Både bubil og campingvogn gjev deg ein unik fridom til å reise kvar du vil, og du kan ta med sykkel, kano eller tursko og utforske nærområda. Kva med å reise til Atlanterhavsvegen mellom Molde og Kristiansund? Ikkje berre er han kåra til den vakraste bilreisa i verda; han kan også smykke seg med titlane «Den beste staden i verda å pleie kjærleikssorg» og «Den flottaste sykkelturen i Noreg». Eller kanskje ein tur til Lofoten for å oppleve fiskevêr og mektig natur freistar? I bubil slepp du å uroe deg for om du finn ledige hotellrom, og du slepp å betale i dyre dommar for å vere midt i smørauget. Dette gjer at stadig fleire nordmenn oppdagar gleda ved å feriere i bubil.

Finn unike overnattingsmoglegheiter

Noreg byr på mange kreative overnattingsmoglegheiter – kva med ei luftig overnatting i tretopphytte der du vaknar til fuglekvitter? Tretopphytter har teke av dei siste åra og er no moglege å finne stort sett over heile landet. Du kan også prøve "glamping", eller glamorøs camping, der du bur i tipiar med hotellromstandard, ordentlege senger og ofte også elektrisitet. Dreg du lengre nord i landet, kan du bu i glasigloar med utsikt mot majestetiske fjell og midnattssol.

Andre spennande moglegheiter er å overnatte i eit fyrtårn eller ein hengekøyepark. Det finst verkeleg noko for alle, og det treng ikkje koste skjorta. Her er Google din ven. Leit og planlegg godt, så finn du noko som passar din prisklasse og ditt reisemål.

Få feriekjensla på hotell

Om du vanlegvis reiser på sydenferie og har lyst på noko av den same kjensla, kan du sjekke ut hotellopphald på Sørlandet. Nyt ein drink ved bassengkanten, unn deg ei spabehandling og slapp av med lange middagar på restaurant. Om du har barn, finest det mange familievenlege hotell som ligg nær morosame aktivitetar som dyrepark og havpadling, så heile familien kan kose seg på tur.

Nyt båtlivet

Drøymer du om å vere på sjøen denne sommaren? Med båt finst det eit utal moglegheiter. Du kan utforske den norske skjergarden og loffe frå øy til øy langs kysten, eller besøkje kvite sandstrender i til dømes Stavanger, Mjelle ved Bodø eller Stokkøya i Trøndelag. Eller kanskje har du lenge tenkt at det hadde vore kjekt å ha båt på hytta og ønskjer å endeleg realisere båtdraumen?

Bestill i god tid

No som mange må feriera i Noreg likevel, kan det vere lurt å vere ute i god tid med bestilling, både for å sikre at du får gode prisar, og at du får bestilt det du er ute etter. Om du må vente på feriepengar, kan du bruke eit kredittkort i mellomtida. Berre hugs å betale før fristen går ut, slik at du unngår gebyr og renter.  

Visste du forresten at dersom du betalar minst halvparten av reisa di med kredittkort, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Det kan derfor vere lurt å betale for hotellopphald, leigebil, leige av hytte og liknande med kredittkort. Forsikringa dekkjer mellom anna tap om du blir sjuk eller blir fråstolen verdisaker i ferien, så har du éin ting mindre å tenkje på.

Sjekk ut Visitnorway.no for flere gode idéer til planleggingen din.

Og du, ennå ikke fått kredittkort til sommerferien? Det er ikke for sent å søke!

God ferie!