No som det bognar over av gode kampanjar og tilbod i butikkane er det viktig å vera varsam og på vakt for å gjera julehandelen til ei hyggjeleg tid. Svindlarane er spesielt aktive på denne tida av året, og me har sett ein stor auke i svindelsaker den siste tida. Ver spesielt merksam på SMS og e-postar frå Posten og andre som leverer varene dine og dessutan butikkar og nettstader som ber deg om å klikka på lenkjer for å leggja inn informasjon om deg sjølv. 

Handlar du på nett, er det viktig å bruka kredittkortet ditt når du betaler, anten du vel å bruka Vipps eller kortbetaling.  

Grunnen er at kredittkortet er tryggare enn det vanlege bankkortet ditt. I det du bruker kortet, er det nemleg pengane til banken du handlar med, og ikkje dine eigne. Skulle du derfor vera uheldig og bli svindla, er det ikkje lønnskontoen din som blir tappa. 


Tryggleik ved feil og manglar
 
Å bruka kredittkort gir deg også ein ekstra tryggleik dersom det skulle visa seg at varet du har kjøpt har feil eller manglar. Det same gjeld om seljaren nektar deg å nytta angreretten, eller om nettbutikken du har handla i går konkurs.  

Legg korta dine inn i Vipps 
Visste du at det er plass til både bank- og kredittkortet frå oss i Vipps-appen? Legg inn begge korta, så kan du enkelt velja å bruka kredittkortet ditt når du handlar på nett. Skulle du bli utsett for svindel, så er bankkontoen din trygg.  

 
Slik kan du enkelt leggja korta dine i Vipps  
Leser du denne artikkelen på mobil, trykk her (direktelenkje inn til Vipps-appen) for å leggja inn kortinformasjonen din i Vipps. Lesar du artikkelen på PC-skjermen kan du skanna QR-koden som du finn lengre ned på sida.


Tips til ein berekraftig julehandel 

I november og desember er kjøpefokuset ekstra stort. Her får du nokre tips til å bli ein meir medviten forbrukar og til å ta betre val under årets julehandel:  

  • Handle lokalt. Enkelt for deg og bra for lokalsamfunnet. 

  • Ver medvite når du handlar. Tenk gjennom kva du verkeleg treng og lag gjerne ei handleliste. Då er det eit pluss for lommeboka om du får det på sal. 

  • Kjøp ei oppleving eller gåvekort på ein restaurant – miljøvennleg og sosialt! 

  • Kjøp gjerne brukte julegåver frå Finn.no, Fretex eller Tise – bra for miljøet og godt for lommeboka!

Kos deg i førejulstida og del gode minne med dei du er glad i!