Om du oppdagar at opplysningane dine blir misbrukte, er det viktig å vite kva du skal gjere. Her får du fleire tips og råd frå tryggleikssjefen i Eika Gruppen, Steingrim Soug.

Er kortet ditt misbrukt?

Sperr kortet. For å stoppe vidare misbruk er det første du må gjere å sørgje for at korta dine blir sperra. Dette kan du gjere sjølv under «Sperre kort» i mobil- og nettbank. Bestill gjerne nytt kort samtidig.

Alternativt kan du ta kontakt med den døgnopne sperretenesta vår ved å ringje +47 915 03 850. Tast val for sperring av kort, og du får hjelp.

Kontakt banken. I mange tilfelle er det mogleg å få tilbake heile eller delar av summen, men for å sikre dette er det viktig å melde frå til banken så raskt som mogleg. Saman med banken kan du lage ei reklamasjonssak.

Meld kortsvindelen til politiet. Det er viktig at kortsvindel, til liks med annan kriminalitet, blir registrert hos politiet. I nokre tilfelle vil banken krevje at misbruket blir meldt til politiet i samband med ei reklamasjonssak. Både banken og politiet vil hjelpe deg når du tek kontakt.

Ikkje gje frå deg kort- eller kontoopplysningar til uvedkomande. Det same gjeld PIN-kodar, fødselsnummer, eingongskodar og passord. Banken vil aldri kontakte deg via telefon for å få desse opplysningane, og du skal heller ikkje gje frå deg dette på e-post eller SMS, med mindre vi har avtale om signering av dokumenter o.l. 
Tryggleikssjef i Eika Gruppen, Steingrim Soug 

Korleis kom kortinformasjonen på avvegar?

Skaff oversikt. Har du fått e-postar, SMS-ar eller telefonar i det siste der du har gjeve frå deg informasjon? Har sjølve kortet ditt vore i uvedkomande hender? Kan nokon ha fått kjennskap til tryggleikskodane eller passorda dine? Prøv å få oversikt.

Kva gjer du framover?

Følg med på kontoutskrifter. På den måten har du full kontroll og kan tidleg oppdage kjøp som du ikkje kjenner att. Sjekk posten. Dersom du har mistanke om urettmessig endring av adresse, kan du ta kontakt med Posten. Du kan også be om frivillig sperring av kreditt hos kredittopplysningsbyråa.

Sperr BankID. Dersom det dukkar opp uventa BankID-varslingar på mobilen din, er det viktig at du ikkje godkjenner dei. Det kan skje dersom du har gjeve frå deg telefonnummer eller fødselsnummer til svindlarar. Det same gjeld for eingongskode eller passord for BankID, den må raskt sperrast ved å kontakte banken dersom du har gjeve frå deg desse opplysningane til andre.

Fleire tips frå nettvett.no her: https://nettvett.no/jeg-har-blitt-utsatt-for-id-tyveri/

Det er spesielt dei eldste og yngste familiemedlemmene, som ikkje styrer eigen økonomi på nettet, som kan trenge hjelp i nettbanken sin, eller med BankID. Hugs at BankID ikkje under nokon omstende skal delast med andre. Ikkje med uvedkomande og ikkje med familie/vener. 

Slik held du BankID tryggare

Heile éin av fem nordmenn har logga inn med nokon andre sin BankID. Truleg har dei fleste gjort det med eit godt føremål, til dømes for å hjelpe ein eldre familiemedlem som kanskje ikkje er så stødig digitalt. 

Hugs at BankID ikkje under nokon omstende skal delast med andre. Ikkje med uvedkomande og ikkje med familie/vener. Kjenner du nokon som treng hjelp til å betale rekningar eller til annan bruk av BankID? Då har du kanskje logga inn med nokon andre sin BankID, men det bør du ikkje gjere. Dersom du treng hjelp med BankID, er løysinga å setje opp ein disponent i banken framfor å gje frå deg BankID-brikke og passord. Sjå smarte tips her: https://bien.no/dagligbank/nett-og-mobilbank/bankid/slik-gir-du-andre-trygg-adgang-til-BankID-en-din

BankID gjer det meste enklare. Anten du skal identifisere deg eller signere, er BankID den mest utbreidde elektroniske identifikasjonen i Noreg. Med BankID kan du alltid gjere greie for kven du er. Men pass for all del på at du ikkje deler BankID-opplysningane dine med andre. 

Fleire tips

Last ned den nye BankID-appen, da får du ei raskare og tryggare innlogging

Fleire råd frå politiet her: https://www.politiet.no/rad/okonomisk-kriminalitet/nettsvindel/