Basert på kva livsfase du er i, har du nok fleire faste utgifter og inntekter. Som student har du kanskje studielån og ekstrajobb, og utgifter til leige av leilegheit, Netflix-abonnement og så vidare. Som nyetablert opplever mange at ein større del av inntektene blir øyremerkt faste utgifter, spesielt om ein akkurat har fått barn eller kjøpt sin første bustad.  

Utgiftene stoppar jo heller ikkje berre fordi barna blir eldre, og sjølv om ein gjerne har større inntekt enn tidlegare så aukar ofte utgiftene når barna blir eldre - ein har plutseleg mange fleire fritidsaktivitetar og meir utstyr å betale for. Nokre rekningar kjem til far og noko kjem til mor - og det kan vere vanskeleg å halde oversikt. Med heile familien samla i ein bank kan ein lettare ha ein felles økonomi, felles rekningskonto og få betre oversikt og kontroll. Ein kan også ha avtalegiro og faste avtalar på treningsstudio og diverse strøymetenester som ein kanskje gløymer eller lettare mister oversikta over med fleire kontoar og bankforhold. 

Som pensjonist går dei fleste igjen litt ned i inntekt, men vil framleis ha mange ulike utgifter som mat, klede, drivstoff, vedlikehald på bustad, offentlege avgifter - lista er lang. Det kan fort bli forvirrande og lite oversiktleg å spreie desse transaksjonane på ulike kontoar, difor bør du flytte løna til oss kor du kanskje også har lån eller forsikring.  

Det er mykje lettare enn mange trur å flytte løna. Alt du treng å gjere er å informere arbeidsgivar, NAV, Lånekassen eller andre du får inntekt frå om at du har fått nytt kontonummer.
  1. Alt på ein stad
    Når du samlar alt på ein stad, kan du lettare sjå heilskapen i økonomien din og forstå kva pengane dine går til. Kun ein kikk i nettbanken, eller ei enkelt bankutskrift, gir deg eit bilete av utgiftene og inntektene dine. Om du følgjer eit budsjett, eller har sparemål du gjerne vil nå, kan det hjelpe deg å samle alle utgifter og inntekter på ein stad.

  2. God personleg rådgjeving
    Vi i lokalbanken din er opptekne av at du skal kjenne deg tatt vare på og rådgjevaren din sit difor alltid klar til å hjelpe deg med gode råd og tips. Når du samlar løn, lån og andre utgifter i lokalbanken din får også rådgjevar betre innsikt i økonomien din og kan gi deg meir personleg rådgjeving. Vi er faktisk så oppteken av kundane våre at vi vann Årets beste kundeservice i 2020

  3. Betre kontroll på utgifter
    Hugs å flytte AvtaleGiroer frå tidlegare banker og oppdatere abonnement på for eksempel strøymetenester, mobil eller matkasser med ny kortinformasjon. Mange opplever at å skifte bank gir betre kontroll på utgifter - kanskje blir ein overraska over eit abonnement ein hadde gløymt at ein hadde, eller ein bestemmer seg for å rydde opp i faste utgifter og kvitte seg med ting ein ikkje har så stort behov for. Rådgjevaren din kan hjelpe med praktiske ting som kan vere vanskeleg å få til sjølv, samt økonomisk rådgjeving. Vi har fokus på ekte personar som hjelper deg, og du kan snakke med oss på chat, e-post eller telefon og få hjelp raskt. 

Hos oss får du smarte løysingar som gjer bankkvardagen smidigare, og gratis personleg rådgjeving. Då kan kvardagen din fokuserast mindre rundt bank og økonomi, og meir rundt dei fine kvardagsaugneblinkane. Betre kontroll på økonomien gir rett og slett meir kvardagsglede, så ta kontakt med banken din i dag for å flytte løna di til oss og samle alt hos banken som kjenner deg best.