Før du byrjar
-
Reklamasjonsrettar under koronautbrotet
Mange spørsmål har dukka opp i samband med den spesielle koronasituasjonen vi er i, kor fleire arrangement blir avlyste og mange arrangørar ikkje umiddelbart tilbyr seg å betala tilbake billettomkostningene. Her kan du lesa om reklamasjonsrettane dine.
-
Kontakt brukarstaden/ nettbutikken/ butikken
Er du ueinig med brukarstaden/ butikken/ nettbutikken?
For reklamasjonssaker som omhandlar tvist, kor du ikkje er enig med butikken/ nettbutikken du har handla på, må du fyrst prøve å løyse problemet ved sjølv å kontakte brukarstaden. Det er eit krav at du har forsøkt å kontakte brukarstaden. Kontakt også brukarstaden dersom kortinformasjon er på avvege.
Dersom du ikkje kjem fram til ei løysing eller oppnår kontakt med brukarstaden kan du opprette ein reklamasjon.Nokre gonger er det eit krav at du har kopi av t.d. kvitteringar. Ytterlegare dokumentasjon kan styrke reklamasjonen din, men er ikkje alltid naudsynt.
-
Stole kort eller kortinformasjon på avvege?
Da må du sperre kortet ditt samt melde saka til politiet:
Sperre kort gjer du ved hjelp av den døgnopne sperretenesta vår Stop24 før du registrerer reklamasjonen din: Ring +47 915 03850.
Meld saka til politiet og vent på stadfesting frå politiet før du registrerer reklamasjonen din: Les meir her om politianmeldelse -
Dette treng du
BankID. Dette sikrar at personopplysningar og kortopplysningar blir handsama konfidensielt.
Eventuell tilleggsdokumentasjon som styrkjer reklamasjonssaka di.
Dersom du ikkje har BankID kan du levere eigenerklæringa og forklaringa di på papir. Ved val av årsak til reklamasjonen, lenger ned på sida, vel du "Reklamasjon utan BankID".