Tenkja langsiktig framfor kortsiktig

Vi går gjennom ulike fasar i løpet av livet. Kanskje planlegg du å få barn innan nokre år, eller kanskje er du i den fasen i livet der barna flyttar ut?

Bustaden du kjøper skal reflektere livssituasjonen din no, og den livssituasjonen du snart vil vere i. 

Det kan vera lurt å tenkja på storleiken på bustaden og om det er mogleg å byggja ut eller endra på planløysinga. I tillegg bør du tenkja over kvar bustaden ligg, og korleis nabolaget er. Kor viktig er det for deg i åra framover at du har lett tilgang til kollektivtransport, barnehage, skule, treningssenter eller matbutikk?

Gå gjennom økonomien din

Korleis er økonomien din etter at faste utgifter som renter, avdrag, fellesutgifter, straum, mat og andre lån er betalte? Kva ønskjer du å gjera med pengane du har att – vil du spara, investera, reisa eller noko anna? Budsjettkalkulatoren kan vera eit nyttig verktøy for å få eit oversyn over gjennomsnittstal for utgifter og inntekter.

Ein gjennomgang av økonomien din legg eit godt grunnlag for bustadkjøpeprosessen. Det kan vera lurt å avtala ein rådgivarsamtale i banken for å få hjelp til å kartleggja planar, mål og moglegheiter.

Bestill ein rådgivarsamtale her.

Det kan òg vera lurt å bruke lånekalkulatoren, som hjelper deg med å finne ut kor mykje du kan låna, og kor mykje du kan forventa i renter og avdrag.