– Det er forståeleg at enkelte blir urolege for fondssparinga si når aksjemarknaden fell, seier investeringsdirektør i Eika Kapitalforvaltning, Stig Erik Brekke. Han er vand med å roa ned folk som blir uroa når børsen svingar.

– Ingen likar at pengane deira får mindre verdi, men dersom du zoomar litt ut, så å seia, ser du det store biletet: Verdien på sparepengane dine vil auka på sikt. Det viser denne illustrasjonen:

Den siste nedgangen på børsen er berre ein del av jamlege svingingar, medan verdiane totalt sett stig.

Kva gjer du med fondet når børsen fell?

Rutinerte fondsspararar blir ikkje sette ut av nedgangane som kjem med jamne mellomrom. Erfaringane viser auken vil vere større enn falla, slik det har vore i 90 år.

– Dersom eg skal gje eit råd som passar til alle i ein slik nedgangsperiode, er det dette:

  1. Ikkje gjer noko.
  2. Snakk med rådgjevaren din.
  3. Vel korleis du vil halda fram sparinga di, basert på kunnskap heller enn spontan frykt.

– At staten gjer det skattegunstig å spara i fond, er eit tydeleg signal om at også styresmaktene ser på spareforma som fornuftig og sunn. Stig Erik Brekke

Brekke fortel at den årlege verdiauken i aksjemarknaden dei siste 120 åra ligg på 9,5 % i gjennomsnitt. Det er vesentleg meir enn dei 5 prosentane bankrenta i gjennomsnitt har lege på i den same perioden.

– Det er lett å sjå at aksjefond løner seg, men det krev at ein er merksam på to ting:

  1. Den som sparar, må tola at det svingar.
  2. Sparinga må vera langsiktig, nettopp på grunn av svingingane.

– Skal du spara til ein Australia-tur om to år, kan du like gjerne gjera det på ein konto, seier Brekke.


Kor mykje har 1000 sparekroner i månaden blitt om 20 år?

Tek vi utgangspunkt i dagens rente, vil du sitja att med 271 000 kroner i banken, mot 443 000 kroner i fond. Om ikkje det er oppsiktsvekkjande nok i seg sjølv, skal du vita at pengane faktisk kan tapa seg ved å stå på vanleg bankkonto.

Dette er fordi renteutviklinga i dag faktisk er svakare enn prisstiginga i økonomien.


Sjekk reknedømet i sparekalkulatoren vår


Dei med rådgjevar sparar mest

Sjølv om det er enkelt å setja i gang med sparing på nettet, viser det seg at dei kundane som brukar rådgjevaren sin aktivt, klarer å spara meir. Desse kundane får råd av ein fagperson dei har tillit til, og hjelp til å sjå heilskapen i den personlege økonomien sin.

Ta kontakt med rådgjevaren din og sjå om du kan spara endå betre.