Det finst mange grunnar til at du bør bruke kredittkort når du handlar, både på reise og elles. Her er fem gode grunnar til at du bør bruke kredittkort i sommar:

1) Bu fint - og billig

Har du oppdaga portalen eikahoteller.no? Her får du tilgang til over fem millionar hotelltilbod frå tusenvis av nettstader og reservasjonssystem. Og best av alt, Eika garanterer at du får lågast mogeleg pris. Då er det vel ingen grunn til ikkje å betale nesteditt  hotellopphald med eit kredittkort frå Eika?

Finn Eika Hoteller

2) Fleire fordeler når du handlar

Gjennom fordelsprogramma knytte til kredittkorta, får du bonus og rabattar. Ved sida av portalen eikahoteller.no, har Eika også portalen eikaleiebil.no. Her garanterer Eika lågast pris på leigebil, i tillegg til at du får 10 prosent rabatt dersom du betaler med eit Eika kredittkort.

Og som om ikkje det var nok, har Eika avtale med ei rekkje restaurantar og butikkar. Utvalet blir oppdatert stadig, så husk å titte innom i nytt og ne.

Her kan du lese meir om fordelsprogrammet

Bestill kredittkort

Finn Eika Leiebil

3) Du har full kontroll på pengane dine

Visste du at hotell og leigebilselskaper ofte reserverer større summar i kortet ditt enn den avtalte prisen du skal betale? Bruker du eit vanleg bankkort, kan det føre til at du plutseleg har mindre pengar å rutte med enn du hadde planlagt. Det er derfor ekstra lurt å ha som hovudregel å alltid bruke eit kredittkort for slike formål, så har du alle pengane dine tilgjengeleg til einkvar tid.

LES OGSÅ: 8 gode grunnar til at utanlandsturen bør skje på kreditt

4) Du er forsikra mot ID-tjuveri

Ifølgje ferske tal frå Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), har så mange som 150.000 nordmenn opplevde at nokre har brukt identiteten deira til å gjere straffbare handlingar, blant anna ID-tjuveri. Med eit kredittkort frå Eika er du forsikra mot dette dersom du blir utsett for svindel. Det føreset at kredittkortet har vore brukt dei siste 45 dagane, eller har uteståande renteberande kreditt.

LES OGSÅ: Ta vare på identiteten din

5) Du får reise- og avbestillingsforsikring

Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa sine transportkostnader med kredittkort, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Forsikringa gjeld både sjukdom og tjuveri av verdisaker i ferien. Den gjeld også ved forseinkingar i samanheng med flyreise.

Sjekk våre kredittkort - noko som passar for deg?