Nokon gonger kan ein ha behov for å utsetja betalinga av kredittkortrekninga. Ønsker du å utsetja betalinga ein månad, treng du ikkje å gjera deg noko, men du må oppfylla følgjande punkt:

  • Du må ikkje ha nytta betalingsfri månad dei siste 12 månader og ikkje nyleg ha fått purring frå oss.
  • Du må vera à jour med innbetalingar.
  • Kredittgrensa kan ikkje vera overtrekt. 

Vi gjer oppmerksam på at renter kjem på vanleg måte etter forfall og vil komma på neste faktura.

Har du moglegheit å betala minstebeløpet som blir kravd inn, tilrår vi deg å gjera dette, framfor å utsetja heile fakturaen til neste månad.
 
Lag ein fornuftig nedbetalingsplan med kredittkortkalkulatoren. Prøv her under!

Som hovudregel er det best å betala kredittkortfakturaen ved forfall for å unngå unødvendige rentekostnader. Men, enkelte gonger kan det vera nødvendig å betala tilbake kredittkortbruket over fleire månader viss likviditeten er dårleg. Dette treng heller ikkje å kosta så mykje som ein trur viss ein held seg til ein fornuftig nedbetalingsplan.
Ved å bruka kredittkortkalkulatoren kan du planlegga nedbetalinga av uteståande gjeld på kredittkortet. Har du mykje kredittkortgjeld og må bruka lang tid på nedbetalinga, tilrår vi at du sjekkar ut moglegheita for å refinansiera gjelda med eit smålån.