Vi i banken vil alltid gjere vårt ytterste for å verne deg, men det finst nokre grep du sjølv kan og bør gjere for å hindre at dette skjer. Derfor har vi sett opp nokre tips til korleis du kan lage sikre passord.

Noko av det det beste og enklaste du sjølv kan gjere for å unngå å bli hacka, er å bruke passord som er vanskelege å gjette seg til, og ikkje bruke det same passordet overalt, seier Steingrim Soug, tryggleikssjef i Eika-gruppen. 

 

 

Steingrim Soug, Sikkerhetssjef i Eika-gruppen

 

Her har du nokre gode råd

  1. Passordet bør vere så langt som mogleg, minst 5 ord eller 16 teikn.
  2. Passordet bør innehalde både tal, symbol, store/små bokstavar og mellomrom (ikkje alle tenester tillèt mellomrom).
  3. Plasser talet midt i eller først, ikkje til slutt. Då blir passordet endå litt vanskelegare å gjette.
  4. Unngå bruk av tal/ord som kan assosierast med deg eller tenesta det gjeld – til dømes bursdagsdatoar, namn på familiemedlemmer, kjæledyr osv.
  5. Tenk kategoriar, ikkje nødvendigvis eit passord for kvar einaste nettside – jobb, nettbank- og betalingstenester, og eit eige for sosiale medium. Skulle uhellet vere ute, veit du med det same kva for eit passord du må byte.

 

Bruk aller helst eit eige passord for e-posten din for å unngå at kriminelle kjem seg inn og nullstiller passorda dine andre stader på nettet. Vi rår deg i tillegg til å bruke totrinnsverifisering (få SMS før du loggar inn) der det er mogleg. Det gjer det endå vanskelegare for kriminelle å hacke seg inn på kontoane dine, seier Soug. 

 

For å hjelpe deg litt på vegen har vi laga nokre døme på sikre passord 

1. Har du ei oppleving eller eit minne du hugsar spesielt godt?

Sikkert: «Backpackerturen Australia 2018»

Superdupersikkert: «I 1995 blei dei kvinnelege undervassrugbyspelarane våre historiske då dei vann det første norske VM-gullet i ein lagidrett»

2. Har du ein songtekst du er ekstra glad i?

«Karpe Diem: Spis din 7. sans»

«Øystein Sunde: hesT eR besT soM pålegG»

3. Kanskje har du ein spesiell hobby eller ei spesiell interesse?

«Hobbygartnar: lagar avleggjarar av Montseraene mine og sel til veninner»

 

Slik hugsar du passorda du lagar

Det finst fleire ulike passordhandteringsprogram ein kan bruke, dersom ein er komfortabel med det. Dette kan du lese meir om her.

Unngå bruk av «Hugs passordet»-funksjonar på nettet. Dei fleste nettsider har ein slik funksjon, og det kan vere freistande å trykkje på «Lagre»-knappen. Dette gjer det mykje enklare for inntrengjarar eller virus å finne passorda dine på maskina, seier Soug.  

 

Ønskjer du å finne ut meir om korleis du lagar sikre passord og vernar deg på nettet? Du finn meir informasjon hos nettvett.no.

Vi har laga nokre enkle filmar om kva for metodar svindlarar brukar, og korleis du kan verne deg mot dei. Sjå filmane her. 

Skulle du ønskje du kunne sleppe heile problemstillinga med passord? Finn ut korleis her.