Phishing er ei form for svindel på nettet der bedragarar prøvar å lure deg til å gje frå deg personleg informasjon, som bankkontodetaljar eller passord. Dei late som om dei er frå ein påliteleg organisasjon, som til dømes banken din, og sender deg vanlegvis ein e-post, SMS eller ein lenke til ei falsk nettside.

Målet deira er å få deg til å tru at du kommuniserer med den ekte banken, slik at du frivillig oppgir sensitiv informasjon. Desse svindlarane kan bruke denne informasjonen til å stela pengane dine eller få tilgang til andre viktige kontoar.

Her er nokre enkle tips til kva du bør tenkje på.

  1. Tenk tryggleik 
    Ver kritisk til SMS-ar og e-postar som har lenkjer og ber deg logge inn ein stad. Vi vil aldri be om informasjon om BankID, konto eller kort!

  2. Ha oppdatert utstyr 
    Utstyret må haldast i orden. Sørg for at telefon, iPad og datamaskin har oppdatert antivirusprogram og programvare.

  3. Respekter digitalt klima og farvatn 
    Utstyret må berre brukast under eigna forhold. Sjekk avsendar på SMS og e-post, lenkjer skal du berre klikke på dersom du kjenner avsendaren. Er du i tvil? Ikkje trykk.

  4. Følg tryggleiksreglane
    Råda om tofaktorautentisering, antivirusprogram og IT-tryggleik må følgjast. Dei vernar deg mot SMS- og e-postsvindel dersom du skulle kome i phishy farvatn.

  5. Bruk tryggleiksnettet rundt deg 
    Ta kontakt med banken dersom du likevel har vore uheldig å bli utsett for svindel.

  6. Ver utkvilt og følg med 
    Les nøye gjennom SMS og e-post. Er det noko som skurrar (til dømes dårleg språk), så slett e-posten med det same!

  7. Vis fornuft 
    Bankar og offentlege bedrifter vil ikkje sende deg lenkje til å oppdatere informasjon eller passord. Gå heller direkte til nettsida til bedrifta og logg inn der. Ikkje bruk lenkjene du har fått på SMS eller e-post.