Nettbank bedrift kan brukast av fleire personar, og som administrator får du full oversikt over alle brukarar, du kan gjere endringar i tilgangar, og du kan leggje til heilt nye brukarar – med sjølvbetening! Nettbank bedrift kan også setjast opp med dobbel godkjenning på éin eller fleire kontoar, slik at alle betalingar må godkjennast av to brukarar.

Administrator

Administratorar i nettbank for bedrift har full oversikt over alle brukarar og tilgangane deira i nettbanken, og høve til å endre, slette og leggje til nye brukarar. Tilgangar kan vere innsyn, registrering av betalingar, godkjenning av betalingar, overføring mellom kontoar og lønsbetalingar. Som administrator kan du også opprette nye kontoar. Ta kontakt med banken for å opprette dette.

Konsernavtale/hovudavtale

Nettbank bedrift kan setjast opp som ein konsernavtale/hovudavtale, og du kan leggje til andre selskap som underavtalar (også kalla dotteravtalar) til konsernavtalen. Med dette oppsettet kan du administrere brukarar og tilgangar på éin stad og kan betene alle kontoar og betalingar i éin nettbankavtale. Dette er praktisk når bedrifta handterer betalingar og tenester for andre selskap, slik som eit rekneskapskontor. Ta kontakt med banken for å opprette konsernavtale og underavtalar.

Filbasert integrasjon med økonomisystemet

I nettbank bedrift kan du sende og hente betalingsfiler som blir importerte/eksporterte i økonomisystemet. Nettbanken støttar dei mest brukte filformata, som ISO 20022, Telepay, OCR og AvtaleGiro. For å sende/hente filer må du ha nettbank integrert. Ta kontakt med banken for å opprette dette.

Direkte bankintegrasjon

Med løysinga vår for direkte bankintegrasjon slepp du manuelt arbeid med avstemming av rekneskapen. Betalingsfiler blir overførte direkte mellom økonomisystemet og bank og sparar deg for manuelle prosessar. Betalingar kan ettergodkjennast i nettbank bedrift eller sendast heilt ferdig godkjent (rekneskapsgodkjende betalingar). Dette set du opp i økonomisystemet ditt.

Vi tilbyr for tida integrasjon mot desse systema:

  • Visma.net Autopay (Tripletex, Agro Økonomi, Visma eAccounting, Visma Business, Visma Enterprise, Visma Financials og Visma Global)
  • ZData (UniMicro/UniEconomy, Sumango, InfoEasy og ulike Visma-system)
  • Fiken (via ZData)
  • PowerOfficeGO
  • 24SevenOffice
  • Xledger
  • Zirius
  • Duett

Ta kontakt med banken for å opprette direkte bankintegrasjon.