Kor mykje lønn ville du klart å leve på når du blir pensjonist?

Hadde du klart å leve på to-tredjedelar eller halvparten av løna du får i dag? Dette kan vere realiteten for nokre når dei blir pensjonistar, og derfor er det så viktig at du sjølv tek ansvar for pensjonen din. Nokre kan få seg ein liten vekkjar når dei forstår at pensjonen kan bli ein god del mindre enn det dei mottek i lønn i dag.

Kor mykje bør du spare til pensjon?

Ønskjer du å ha full fridom som pensjonist? Det er fullt mogeleg å starte pensjonisttilværet som millionær. Modellen visar korleis ein fast månadleg sparing kan bli til store summar over tid. Og dess tidlegare du startar sparinga – dess mindre sum treng du å spare kvar månad for å nå målet ditt. 
Alder Sparebeløp i fond pr. månad Ditt innskot Forventa avkastning 67 år
20 år 400 kr 225.000 kr 775.000 kr  1.000.000
30 år 700 kr 310.000 kr 690.000 kr
40 år 1.300 kr 421.000 kr 579.000 kr
50 år 2.900 kr 591.000 kr 409.000 kr
60 år 9.500 kr 798.000 kr 202.000 kr
*Føresetnad: Sparing i aksjefond med forventa realavkastning 5,75 % per år. Det blir gjort oppmerksam på at forventa avkastning ikkje er nokon garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil blant anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltar sin dugleik, investeringsrisiko, samt kostnader ved forvalting. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kursfall. Utrekningar er ikkje justerte for inflasjon og er berre meinte som eit illustrerande eksempel.

5 gode tips til pensjonssparinga di

Anten du er under 30, nærmar deg 40 eller har runda 50, har du tid til å ta grep og sørgje for at du kan forme framtida di, slik du ønskjer den.

  1. Få oversikt over kor mykje du får i pensjon. Du kan anten spørje rådgjevaren din i banken om hjelp til å berekne pensjon  for deg, eller logg deg inn på Norsk pensjon.

  2. Samle pensjonen din hos banken med personleg service og rådgjevnadskompetanse. Ved å ha pensjonskonto i banken din vil dei dyktige rådgjevarane våre gjere pensjon enklare for deg å forstå. Set av litt tid til ein samtale med ein rådgjevar slik at du også kan lukkast med pensjonssparinga di. Les meir om eigen pensjonskonto og avtal ein pensjonsprat med ein av dei dyktige rådgjevarane våre.

  3. Finn riktig risiko for deg. Logg deg inn i mobilbanken for raskt og enkelt sjekke om du bør endre risikoprofilen din. Dette kan gi rikelege utslag på kor mykje du får i pensjon. Er du i tvil om kvifor og korleis du kan endre risikoprofilen din? Snakk med oss i banken.

  4. Lurer du på kor mykje du bør spare til pensjon ? Vi tenkjer at litt er betre enn ingenting. Det viktigaste er å kome i gong og at du sparer det du har høve til. Dess tidlegare du startar med pensjonssparinga di, desto lågare kan den månadlege sparesummen vere. Ta gjerne ein kik på figuren over for å få ein peikepinn på kor mykje du bør spare når du startar med pensjonssparing. Kontakt gjerne også rådgjevaren din i banken, så hjelper vi deg å nå pensjonsmålet ditt.

  5. Lag deg ein spareplan for pensjonen din og vêr tru mot denne. Lag gjerne eit langsiktig sparemål, men også eit kortsiktig og «nærare» sparemål. Pensjon kan opplevast som fjernt og vanskeleg å spare til fordi pensjonsalder er så langt fram i tid. Det er akkurat derfor det er så viktig å ha ein plan for sparinga di og at du held deg til denne planen! Dette får du hjelp til hos rådgjevaren din, som saman med deg legg opp ein fast og enkel plan basert på din økonomi, dine planar for framtida di og dine ønskjer.
 
Til sjuande og sist er pensjon ditt eige ansvar og ditt eige val. Kontakt oss i banken så hjelper vi deg med pensjonssparinga di. Gjennom ein god samtale og individuell rådgjevnad vil dykk saman kunne sørgje for at framtida di blir slik du ønskjer den. Kom i gong med pensjonssparinga di i dag!