Ifølgje Prognosesenteret planlegg 40 prosent av oss å pusse opp bustadene våre i 2018 – og samla sett kjem vi til å bruke over 70 milliardar kroner på det. Vi er europameistrar i oppussing, men er vi like flinke til å ta gode økonomiske val når sagflisa kvervlar rundt oss?

Nedbetalingstida er like viktig som renta
- Svært mange ser berre på renta når dei skal låne pengar til oppussing, og endar opp med å bake det inn i bustadlånet. Det er viktig å hugse på at nedbetalingstida har like mykje å seie, seier Anders Gran, sals- og marknadsdirektør i Eika.

- Det gjeld særskilt om du skal i gong med mindre oppussingsprosjekt. Til dømes om du skal låne 100 000 kroner til nytt kjøkken. Då kan du spare mange tusen på å ta opp eit smålån og betale det ned på eit par år, sjølv om renta er høgare, seier han vidare.

Du har i hovudsak tre lånemogelegheiter når du skal pusse opp. Gran meiner at storleiken på oppussingsprosjektet ditt avgjer kva for ei finansieringsløysing som er best:

  1. Kredittkort – når du kan betale ned raskt
    - Kredittkort er aldri ei god langsiktig finansieringsløysing, men det kan vere gull verdt innimellom. Til dømes om det er nyttårssal eller tilbod på varer du uansett har planar om å kjøpe. Med eit kredittkort kan du slå til der og då. Det er òg kjekt om det dukkar opp uventa utgifter, noko det gjerne gjer når du pussar opp. Hugs uansett alltid å betale ned så fort du kan, seier Gran.
  2. Har du enno ikkje fått kredittkort frå lokalbanken? Det er aldri for seint å søkje.

  3. Smålån – når du skal finansiere mindre prosjekt
    - Det er sjølvsagt skilnad på kva som blir oppfatta som «mindre» prosjekt, avhengig av økonomien din. Alt frå maling og tapetsering til nytt golv eller kjøkken er typiske oppussingsprosjekt det ofte lønner seg å finansiere med smålån, seier Gran.

    Eit smålån med 10 prosent rente som du betaler ned på eit par år, er rimelegare enn eit bustadlån med 2,5 prosent rente som du betaler ned over 30 år.

  4. Undersøk prisen og søk om smålån og refinansiering.

  5. Bustadlån – til dei største prosjekta
    - Må du fikse ròteskadar, byte kledning eller gjere andre større oppgraderingar på bustaden din? Når oppussingsprosjektet kostar fleire hundre tusen kroner og medverkar til at verdien på huset aukar, er det fornuftig å bake det inn i bustadlånet ditt, avsluttar Gran.
  6. Oppussingsplanar? Snakk med ein rådgivar om finansiering i dag.