Anne Hyttemoen i Eika Forsikring har arbeidd med forsikring i over 30 år og er ikkje i tvil: Alle unge i alderen 18–34 bør ha innbu-, reise- og ulykkesforsikring.

– Derfor har vi skreddarsydd ein kombipakke med dei beste forsikringane våre til deg som er under 34 år. Du skal ikkje trenge å tømme lommeboka for å ha råd til ei skikkeleg forsikring, seier ho.

UNG-forsikringa kostar berre 160 kroner og inkluderer dei tre forsikringane som er viktigast for deg som er ung:

1. Innbo Pluss – dekkjer det du eig heime

Med eiga innbuforsikring har du forsikra alt du har med deg frå barndomsheimen, i tilfelle innbrot, brann eller vasskade. I tillegg dekkjer forsikringa eventuelle skadar som skjer i ein flytteprosess.

2. Reise Pluss – ekstra tryggleik i inn- og utland

Reiseforsikringa gjeld frå det tidspunktet du låser deg ut heime, og når du er på reise. Det er kjekt å ha dersom bagasjen skulle forsvinne. Men det er ikkje hovudgrunnen til at du bør ha ei god reiseforsikring:

– Skulle uhellet vera ute, dekkjer forsikringa alt av medisinske utgifter og sjukehusopphald. Forsikringssummen er uavgrensa og gjeld i tillegg heimtransport, seier Hyttemoen.

3. Ulykkesforsikring – dersom uhellet er ute

Det er heldigvis ikkje så ofte ein har bruk for ulykkesforsikring, men dersom det skulle oppstå ei ulykke, vil du ikkje vera forutan:

– Livssituasjonen kan plutseleg bli snudd på hovudet ved ulykker. Ulykkesforsikringa omfattar medisinsk invaliditet inntil 1 million kroner og er veldig god å ha med seg på flyttelasset, avsluttar Hyttemoen.

Bestill UNG-forsikring her, eller kontakt oss dersom du har spørsmål. Vi hjelper deg gjerne.