Ifølgje ei undersøking som Kantar TNS gjorde på oppdrag for NHO Reiseliv i fjor, skulle 55 prosent av nordmenn reisa i påskeferien. I år er situasjonen noko annleis, då smitteverntiltak grunna Koronaviruset set avgrensingar for våre reisevanar.

Vi har samla nokre tips som både du og eigendomen din vil setje stor pris på i ettertid.

  • Sjekk taket og reins takrenner
    Har du sjekka taket etter vinteren? Er alle takstein heile? Dersom ein takstein er sprukken eller manglar, bør du erstatte den så raskt som mogleg for å unngå at skaden utviklar seg til å bli ei dyr affære for lommeboka di. Snø og vinterstormar utset tak for mykje slitasje. Både sprekkjer etter frostsprenging og takstein som sig gjer huset sårbart for vatnlekkasje, og må difor sjekkast årleg. Og når du fyrst har vendt blikket oppover kan det vera smart å reinske takrenner og rette dei opp att, dersom dei er skada eller har flytta på seg etter vinteren sine herjingar. Har du flatt tak, bør du reinske sluket slik at du er sikra for rask avrenning av vatn.
  • Sjekk loft og kjellar for fukt
    Er det skjoldar på vegger eller taket? Svarer du ja her bør du kontakte fagfolk og utbetre problemet før det blir større.
  • Test stoppekrana
    Når uhellet er ute og du må ta i bruk stoppekrana, er det veldig dumt om du då finn ut at krana sit bom fast når du verkeleg treng å få den stengd. Vil du unngå omfattande vatnskade, kan det vera lurt å ta ein funksjonstest. Veit du ikkje kvar den er? Då anbefaler vi deg å finne ut det så snart du har lese denne setninga her.
  • Reins eller bytt filter
    I karantenetid er ein mykje inne. Å ha god luft og ventilasjon er difor spesielt viktig i desse dagar. Dei fleste luftvarmepumper har filtre ein skal reinske jamleg. Dette er også viktig å gjera for å oppretthalda god yting på pumpa. Eit reint eller nytt filter er også godt å ha i pollensesongen.
  • Rydd og vask
    Nå har du endeleg tid til å rydde i garasjen, på loftet, i kjellaren, i bod eller i klesskapet. Det kan vera ei dørstokkmil å byrja, men å leggja vekk vinterutstyr, kasta ting ein ikkje brukar lengre, restaurere gamle skattar og få ein oversikt over kva for verdiar ein faktisk har kan vera bra for både hus, sinn og lommeboka di. Gi bort eller sel det du ikkje brukar sjølv og skriv ei liste over det du treng. Når du har fått rydda vekk vinteren kan du kanskje klargjera terrassen til sommaren og gi den ein grundig vask eller eit målingsstrok.
  • Brannøving med heile husstanden
    Med litt ekstra tid til overs kan det passe perfekt med ei brannøving i heimen. Norsk Brannvernforeining anbefaler alle å ha brannøving heime 1-2 gonger i året. Dei aller fleste av oss har vore med på ei eller anna form for brannøving via skule eller jobb. Men det er som regel heime vi oppheld oss mest, og det er der vi søver. Og vi veit at dei fleste dødsbrannar skjer i bustadar. Sørg difor for å ta ei ordentleg brannøving med heile husstanden.

#tavarepå hjemmet ditt, og snakk med oss om hus- og innboforsikring. 

Kjelde: Huseiernes Landsforbund