Du får 3 % rabatt på desse kategoriane når du betaler med Gold-kortet:

🧸 Leikebutikkar, hobbybutikkar og spelbutikkar
👠 Skobutikkar og skomakarar
💄  Kosmetikkbutikkar for kvinner og menn

Slik får du rabatten
Rabattane får når du betaler med kortet i butikkar registrert med følgjande bransjekode:

Leikebutikkar, hobbybutikkar og spelbutikkar
5945 - Hobbybutikkar, leikebutikkar og spelbutikkar

Skobutikkar og skomakarar
5661 - Skobutikkar  
7251 - Skomakarar

For deg som skal til skomakaren - hugs at betalinga for jobben må skje i veke 47 for at du skal få rabatten. Om du leverer skorne i veke 47 og betaler for jobben i veke 48 vil du dessverre ikkje få rabatt.

Kosmetikkbutikkar for kvinner og menn
5977 - Kosmetikkbutikkar

Vi gjer oppmerksam på at fysiske butikkar og nettbutikkar som tilbyr både klede, sko og kosmetikk ikkje blir omfatta av denne rabatten. Rabatten gjeld berre i reine kosmetikkbutikkar.

Det viktige med den vesle skrifta
Alle butikkar er registrerte med ein bransjekode i Mastercard sitt nettverk. Dette for å tydeleggjere kva kategori butikken tilhøyrer. Vi står ikkje ansvarlege for eventuelle feilregistreringar som fører til uteblitt rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.

Rabatten gjeld ikkje ved betaling med kredittkort i ulike digitale lommebøker (f. eks. Google Pay /Vipps/klokkebetaling).

Du kan maksimalt tene kr 500 i rabatt per månad, og kr. 2.500 per år. Maksgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.

Når kjem pengane på konto?
Rabatten blir utbetalt automatisk til ditt Gold kort månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din.

Hugs at det alltid lønner seg å betale heile fakturaen ved forfall.