I ein hektisk kvardag er det mange ting å tenkje på, men med gode digitale bankløysingar treng ikkje kvardagsøkonomi å ta opp mykje av tida di.

  1. Bruk eFaktura og AvtaleGiro

    Tips nummer éin er å automatisere det som automatiserast kan. Til faste rekningar som bustadlån og treningssenter er det lurt å bruke AvtaleGiro og eFaktura. Då slepp du å leggje inn beløp, kontonummer og lange KID-nummer. 

    AvtaleGiro treng du berre å setje opp éin gong. Då sørgjer banken for at rekninga blir betalt i tide, du treng ikkje å tenkje på KID-nummer, og du slepp å registrere betalinga. eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som blir send til nettbanken, og han blir ikkje belasta kontoen din før du stadfestar rekninga.

    Eit tips er å setje opp ei påminning på telefonen dagen før du skal betale større rekningar, slik at du veit at du har dekning på kontoen, eller å setje opp ein eigen konto for rekningar.

    Her kan du lese meir om AvtaleGiro og eFaktura

  2. Set opp ulike kontoar til ulike føremål 

    Å ha fleire kontoar gjev deg betre kontroll og kan brukast til å halde styr på budsjettet ditt, dersom du har eit. Brukskontoen din er gjerne den du får løn på, som du brukar i det daglege. Bruk éin konto til daglegdagse utgifter, eventuelt to dersom du har ein felleskonto med sambuaren, eller eigen konto til matutgifter – då har du betre kontroll. 

    Du har kanskje allereie ein eigen konto for rekningar? Det er viktig for kvardagsflyten. Set av det du må betale i rekningar denne månaden, på ein eigen konto, og la dei faste rekningane bli belasta denne kontoen. 

    Du kan også ha ulike sparekontoar til ulike føremål, til dømes buffer, ny vinterjakke til ungane eller julegåver. Du kan setje opp felles sparekonto med sambuar eller venegjengen til feriar, til dømes. Gje gjerne kontoane namn, slik at det ikkje er nokon tvil om kva for ein konto som skal brukast til kva, og unngå å «låne» frå kontoane. Då er det lett å ikkje betale tilbake.

  3. La sparinga gå av seg sjølv 

    Set opp fast sparing som blir overført automatisk til éin eller fleire sparekontoar når du får løn.

  4. Bruk mobilbanken – både på farten og heime
     
    Vi har alle opplevd å vere nestemann i kassen på butikken og kjent sveitten perle i panna fordi vi kanskje ikkje har dekning på kortet. Med mobilbanken vår kan du kjapt overføre pengar mellom kontoane dine – forhåpentleg før det blir din tur i køen. 

    I mobilbanken kan du sjå alle kontoar, kredittkort, forsikringar, sparing og lån, slik at du alltid har full oversikt.

    Her kan du laste ned mobilbanken

    Visste du at du har eit digitalt kort i mobilbanken? Det er ein digital versjon av kortet ditt som du kan bruke når du ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg. Til dømes når du ligg på sofaen og lommeboka i jakka kjennest litt for langt unna.
     
  5. Snakk med rådgjevaren din om kvardagsøkonomi

    Rådgjevaren kan hjelpe deg med å få oversikt over kvardagsøkonomien din, heilt gratis. Sørg for at løna går inn på ein konto hos oss, så er det lettare for både deg og rådgjevaren å sjå totalbiletet. Vi kan sjølvsagt også gje råd og tips rundt bustadlån, forsikringar og sparing. Det løner seg nemleg å samle alt på éin stad med banken som kjenner deg best, så spør gjerne rådgjevaren din om gode løysingar.

    Hos oss får du gode digitale løysingar som spelar på ditt lag i kvardagen mellom henting i barnehagen, avtalar med vener og oppussing. Skaff deg oversikt og kontroll over økonomien din – det er ein god vane som skaper kvardagsflyt og lèt deg bruke tida di på ting som er viktige for deg!