Black Friday, Cyber Monday og julehandel er rett om hjørnet, og butikkar over heile landet rustar opp til priskrig. Alt er som vanleg, med unntak av éin ting: Måten vi handlar på. Eller nærmare bestemt, måten vi betaler på.

Nordmenn flest har slutta å bruka setlar og myntar – faktisk viser årets World Payments Report at ingen land i verda har så mange kontantlause betalingar per innbyggjar som oss – og no er mange i ferd med å leggja vekk kortet òg.

Framvoksteren av nye betalingsløysingar er med på å gjera kvardagen enklare for folk flest, og som banken din legg vi til rette for at du og andre kundar kan vera med på utviklinga. Slik kjem du i gang med betalingsløysingane for morgondagen – i dag:


Google Pay

Vi prøver heile tida å utvikla teknologi som gjer at du som kunde kan ta i bruk nye betalingsmåtar, og dette er det ferskaste tilskotet i rekkja. Alle som har bankkort eller kredittkort frå oss kan betala med Google Pay. Det vil seia at du kan bruka Android-mobilen din til å betala for varer i butikkar som støttar kontaktlaus betaling. For å koma i gang treng du berre å lasta ned Google Pay-appen og leggja til kortet ditt. Enkelt og greitt!

Last ned Google Pay her


Vipps

Sjansen er stor for at du allereie har Vipps på mobilen og brukar han aktivt til vennebetaling. Vipps kombinert med bank- og kredittkortet frå banken din er perfekt for enkel og rask betaling i små kioskar, på fotballcupar og ved loddsal. Du kan læra meir om dette her.

Last ned Vipps til Android

Last ned Vipps til iPhone


Kontaktlaus betaling med kort

Noreg er i ferd med å bli eit kontantlaust samfunn, og årsaka er i stor grad høvet til kontaktlaus betaling. Det gjer det nemleg mykje enklare å bruka bankkort og kredittkort til å betala store og små beløp. Alle bankkorta og kredittkorta våre er sjølvsagt gjort klare for kontaktlaus betaling – det vil seia at det sit ein ørliten radiosendar i kortet som kommuniserer med betalingsterminalen. Du tæppar berre kortet ditt mot terminalen, og eit halvt sekund seinare er transaksjonen fullført.

Har du ikkje eit kontaktlaust bankkort? Bestill nytt bankkort her


Klokkebetaling

Har du ei smartklokke frå Fitbit eller Garmin, og bankkort eller kredittkort frå oss? Då kan du betala kontaktlaust med smartklokka di. Perfekt for ein liten handletur på veg heim frå trening, eller når du har gløymt lommeboka og mobilen heime. Smartklokkene brukar Near Field Communcation (NFC) for å gjennomføra kontaktlause betalingar. Alt du treng å gjera er å tæppa klokka mot betalingsterminalen.

Slik kjem du i gang med klokkebetaling


Tek du handelen på nett?

Både fysiske butikkar og reine nettbutikkar har gjerne spesialtilbod som berre gjeld netthandel i samband med Black Friday, julehandelen og – sjølvsagt – Cyber Monday. Dette er datoane du må hugse:

  • 29. november: Black Friday
  • 2. desember: Cyber Monday
  • 1. november – 30. november: Black November (stadig meir vanleg også i Noreg)

I tillegg (om du ikkje skal handle julegåver) kan ) kan du gjera gode kupp i det tradisjonelle romjuls- og nyttårssalet. Og før du handlar: Les gjerne miniguiden vår om dei vanlegaste – og sikraste – betalingsløysingane på nett.