Historisk lågt
Erstatningar for landbruksbrannar har vore historisk lågt dei siste åra. Etter at Landbrukets brannvernkomité påviste at 2 av 3 branntilløp i landbruket har elektrisk årsak, har det vorne satsa på ein forsterka el-kontroll med varmesøkjande kamera frå 2014, med spesielt fokus på husdyrbygningar og veksthus.

Sida 2014 har over 10 000 bønder gjennomførd denne kontrollforma, og eit stort tal brannfarlege el-feil har blitt utbetra.

 

Kontrollforma utvida til å omfatte bustadhus på gardsbruk
Bustadhus i landbruket har derimot ein tydeleg auke i brannar. I 2017 hadde driftsbygningar for fyrste gong lågare utbetalingar for brannskadar enn bustadhus på gardsbruk. Sidan elektriske feil er ei viktig årsak også for bustadbrannar, er derfor el-kontroll med varmesøkjande kamera også innført for bustadhus i landbruket.

Termograferingstilskot
Sidan satsinga på brann- og el-vern starta i 2014 har over 2 500 bønder, hovudsaklege husdyrprodusentar, gjennomførd denne forma for el-kontroll og utbetra brannfarlege avvik. Mange av desse har motteke tilskot på 5 000 kroner for tiltaket. I tillegg til satsinga på el-kontroll, har nytt krav i 2017 om varsling av brann til mobiltelefon gjort at særleg mange husdyrbønder har montert telefonutringer for brannalarmanlegg.

Her kan du søkje om termograferingstilskot.

Kjelde: Landbrukets brannvernkomite