Utlegg og kvitteringar er det ikkje nokon av oss som hoppar i taket for. Det er tidkrevande både for økonomiansvarleg og tilsette, og tid er pengar. Difor har vi utvikla og lansert Overblikk. Her kan du enkelt halde oversikta over korthaldarane til bedrifta og utlegg i sanntid. Innsamling av bilag blir utført digitalt, med tilhøyrande automatisk bokføring i rekneskapen. Dette gir ein betydeleg forenkling i kvardagen for dei på økonomi og rekneskap. Den tilsette slepp å bruke sitt private kort, og bedrifta slepp alt arbeide med utleggsrefusjon. I tillegg kan ein enkelt bestille og gjere endringar på korta knytta til Overblikk.

«Dette automatiserer alt det eg gjer manuelt i dag. Så enkelt og oversiktlig!»  Hanne Karin, Visinor AS

Det er ikkje berre rekneskapsavdelinga som vil få ein enklare kvardag med Overblikk. Tilsette slepp private utlegg og vil til ei kvar tid kunne halde oversikt over utlegga sine ved hjelp av appen Mitt bedriftskort. Det er fort gjort å rote vekk ein kvittering når ein er på farta, og då er appen kjekk å ha. Her kan ein ta bilde av kvitteringar og sende dei til bokføring på 1-2-3. På denne måten slepp du å leite etter kvitteringar som på mystisk vis har forsvunne i slutten av månaden. Kjenner du deg igjen?

Kva kortmoglegheiter har eg i Overblikk?

Eika Bedrift – kredittkort med bedriftsansvar.

Eika Bedrift er eit fleksibelt kredittkort som gir tilsette handlefrihet, samtidig som økonomiansvarleg har full kontroll over utgiftene. Administrator kan enkelt justere maksgrensa for å skåne bedrifta og korthaldar for uønskte situasjonar, og faktura blir sendt direkte til bedrifta. I tillegg har Eika Bedrift ei misbruksforsikring som dekker tapet dersom ein tilsett misbruker kortet.

Vil du vite meir om Eika Bedrift?

Her finn du informasjon om mellom anna søkeprosess og prisar.

Eika Utlegg – kort som kan ladast med ønska beløp.

Ikkje alle tilsette har behov for, eller ynskjer, eit kredittkort med bedriftsansvar. Det er heller ikkje alle som bør ha eit kort med høg kredittgrense, og då er Eika Utlegg eit godt alternativ til kredittkortet. Eika Utlegg fungerer heilt enkelt som eit vanleg kort, du kan lade det med ønska beløp og det er ikkje mogleg å overstige kredittgrensa. Dette kortet er òg eit perfekt val for lag og foreiningar som ikkje har behov for eller kan få eit kredittkort.

 

Synes du Overblikk verkar som eit nyttig og godt verktøy for bedrifta di òg?

Her kan du søke og finne meir informasjon om tenesta.