Verdipapirfonda forvalta av Eika Kapitalforvaltning har hittil vore registrerte i Verdipapirsentralen (VPS). Du som kunde har kunna handle fonda via VPS, og du har også fått halvårsrapportar/årsrapportar og endringsmeldingar tilsendt frå VPS.

Eika Kapitalforvaltning overtek registerføringa for Eika-fonda sjølv, og dine fondsdelar blir overført til ein nyåpna konto hos Eika.

Ny og betre løysing
Flyttinga gjer at Eika Kapitalforvaltning no kan tilby ei meir fleksibel og framtidsretta løysing til deg som kunde. Du kan dagleg følgje utviklinga på dine fond på mobiltelefonen din. På «Mi Side» kan du enkelt kjøpe og selje fondsdelar, og dessutan ta ut skreddarsydde rapportar tilpassa ditt behov.

Skjer automatisk
Flyttinga medfører ingen endringar i dei juridiske rettane dine, og du treng heller ikkje gjere noko aktivt sjølv. All relevant historikk blir vidareført i det nye systemet. Det er ingen kostnader og utløyser ingen skatt for deg som kunde. Du vil som før kunne følgje fonda dine i mobilbanken også etter flyttinga.

Etter planen skjer flyttinga i løpet av sommaren 2017. Følg med på nettsidene våre. Når flyttinga er gjennomført, vil du få ei endringsmelding frå VPS som viser at fondsdelane dine er flytte derifrå. Etter at du har teke imot denne endringsmeldinga vil fonda dine ikkje lenger visast på VPS-kontoen din, men vil vere tilgjengelege på konto hos oss.